Inn i det skjøre rommet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi har vel alle eit rom der vi gøymer alt det vonde, såre, der vi er små og redde. Dikta i Charlotte Riise si siste diktsamling skriv fram eit sånt rom, skriv fram det som skjuler seg der inne. Eg-et i boka ber på to store smerter. Den eine er ei tapserfaring, ein tapt kjærleik, ein ende. Men det er òg, og kanskje større, viktigare, ei historie om psykiske vanskar knytt til kropp og mat.

Det finst dei bøkene som riv i deg, slår deg i magen, ristar deg, fysisk og valdsamt. Der vi gøymer løyndommar speler fiolin på deg, varsamt, med såre strenger som gir gjenklang i ei gløymd sorg. Boka opnar rommet der eg gøymer mine løyndommar; der tapet ligg, der sorga ligg.

Dei to tematikkane blir skrivne fram gjennom boka som parallellar. Det som handlar om svolt, kropp og mat er tydelegast. Boka opnar med eit utdrag frå ein psykologjournal, knapp og på bokmål:  «Pas. var første gang her ved psyk.polikl. i mai 2005, / p.g.a. depresjon med angst/spiseproblemer.» Utklipp som dette opnar kvar av dei tre delane, og gir tematikken ei ramme gjennom boka. Eg synst ikkje alltid slike grep er lukka, men her fungerer det særs godt. Journalutdraga blir som ein slags anker som festar dikta i ei røynd utanfor diktuniverset.

Dikta formidlar òg eit kjærleiksbrot. «Snart skal eg fylle bilen med / restane av ho som elska // Det er umogleg å vere oss: Eg går / i denne trappa for siste gong, står / på det nedre trinnet og er / ei du ikkje veit kven er.» Framstillinga er ikkje-kronologisk, og du-et smeltar saman med han og ho og vi, og denne flytande massen gjer konturane av historia meir som antydande skisser. Det ligg ei tapserfaring der, men ho blandar seg saman med svolt, skam og psykologtimar. Det heile blir vevd saman, og vi skjøner at det sjølvsagt er slik det skal vere; det eine finst ikkje utan det andre, svelting, spying og kroppshat er for eg-et sterkt knytt til heile eksistensen. Kjærleik finst ikkje utan hat – retta mot ein sjølv.

Svolten tek over for kjærleiken. «Eg går framleis til sengs / med deg, du gir meg ingen grunn / til å dra. Søv // på begge sidene av eit svik: / Har byrja å måle oss i svolt, / tenkjer eg vil elske deg meir / om eg berre er tom.» Det er problematisk for eg-et å vere i livet. Svolten har vorte større enn eg-et sjølv: «Svolten / har fått sitt eige liv / medan eg eksisterer i / store hòl mellom timane / eg er vaken.» Det er sterke bilete om oppløysing, der eg-et forsvinn for seg sjølv, både reint fysisk, men òg på eit meir metafysisk plan der det verker som det er sjølve livet som smuldrar opp.

Mot slutten av samlinga dukkar nokre forklaringsmodellar opp. Det er bilete frå ein barndom, forholdet til mora, mobbing frå klassekameratar. Eg synst ikkje dei trengst. Dikta står sterkt nok som det er, eg trur på dei, trur på svolten og hatet, på fingrane i halsen. For meg ber bilete som «einsemda har slått ut på alle blodprøvane» mykje betre enn slike: «strittar ikkje imot da gutane / i klassen dyttar meg / inn mot veggen, held meg slik / s l å r». Dei blir overtydelege i den skisserande heilheita.

Men det er mest av dei gode vala her. Dei beste av dikta i Der vi gøymer løyndommar rommar utruleg vakre bilete. Samlinga som heile antydar og fortel forsiktig og subtilt. Eg vil seie det til alle: les dikta til Charlotte Riise!

LES FLEIRE BOKMELDINGAR HER!

Faktaboks

Charlotte Riise
Der vi gøymer løyndommar
Dikt
Gyldendal
74 sider