– Heilt fantastisk å skriva bok ilag

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mariell Øyre er bloggar, fotograf, forfattar og redaktør for hjartemagasinet. Sidan 2008 har ho blogga på blogg.no og grayzine.no. No har ho flytta bloggen over til hjartesmil.com. Hausten 2013 vil ho og forloveden Jostein Avdem Fretland forhåpentlegvis gje ut deira første roman saman.

Kva vil romanen du og Jostein skriv på handla om?
– me held det tett til brystet enno, men det kjem til å inneholda fine navn, jenter med sekstitalssminke, london, varmluftsballongar og sjokolade.

Jostein Avdem Fretland er fast skribent for Magasinett og Framtida, les det han skriv her!

Korleis er det å skriva saman?
– det er heilt fantastisk! folk held pusten litt når me seier at me skriv bok ilag, men me jobbar godt saman og klarar å vera konstruktive. me utfyller kvarandre, óg når det kjem til boka. eg driv historia framover medan jostein skriv vakre skildringar som slår meg i svime.

– Kva forfattarar likar du å lesa?
– elskar anna gavalda, frode grytten, olav h. hauge, murakami og mark haddon.

Kva inspirerer deg?
– hitchcock-filmar, murakami-romanar, å gå på loppemarknad i paris, nye byar og korleis dei luktar. 

Kvifor bloggar du?
– det er jobben min, elskar å blogga og vil holda på med det til eg er gamal og grå. tenk så fint å ha eit heilt liv pakka fint i arkiv på internett. med bryllup, born, reiser, venner, raudvin, nye gamle kjolar, barnebarn, grått hår og chateau i frankrike.

Blir du lei av å blogga, av og til?
– ikkje så ofte, det er mykje planlegging bak kvart innlegg så det skal krasja mange ting samtidig om eg føler meg lei. eg elskar å blogga, elskar kor umiddelbart det er og kor mange som har tilgang på det eg gjer.

Kvifor skiftar du over til hjartesmil.com?
– eg likar best å jobba for meg sjølv og ha meg sjølv som sjef, og følte ikkje at stilen hos grayzine passa heilt for meg. det var mange ting som ikkje føltes heilt rett, så det var på tide å ta steget og bli sjølvstendig bloggar, det føles bra.

Kor mange lesarar har du no?
– 240.000 sidevisningar fordelt på 32.000 unike lesarar i mai månad.

Oppdaterer du i sommarferien?
– sjølvsagt! først frå eit slott i skottland, så fra lærdal der eg skal bu heile juli månad.

Kva gjer du til hausten?
– akkurat det som eg gjer no: stå opp klokka ti, blogga, skriva bok, fotografera og vera kreativ.