Har du fått med deg den nye Serial?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I heile 27 år var bortføringa av 11 år gamle Jacob Wetterling frå St.Joseph, Minnesota eit mysterium. Men den 6. september i år fekk familien det endelege svaret dei frykta. 53 år gamle Danny Heinrich innrømte at han kidnappa, seksuelt misbrukte og drepte Jacob Wetterling den 22. oktober 1989.

Ei offentleg tilståing
Allereie i 1990, året etter bortføringa, var Heinrich i søkjelyset til sheriffen, men slapp unna. Den ferske tilståinga var ein del av ein omdiskutert avtale der Heinrich gjekk med på å vise kvar han hadde grave ned kroppen. I byte gjekk myndigheitene med på å ikkje sikta han for drapet. Heinrich måtte heller ikkje svara for meir enn eitt anna seksuelt overgrep, og vart berre sikta for barnepornografi. Spørsmålet om det finnast fleire offer etter Jacob står difor ope.  

Podcasten frå APM Reports, som reporter Madeleine Baran hadde jobba med i ni månadar, fekk med dette premiere ei veke før planen. Førre veke kom niande og siste episode, ein bonus som tek for seg gjerningsmannen, som ikkje var kjent då Baran starta på prosjektet.

«In the dark» er meir enn ein spanande «true crime»-podcast. Det er like mykje samfunnskritikk, som kritikk av ei enkelt etterforsking. 

Ei av følgjene av saka var «The Wetterling Act» frå 1994. Lovutvidinga var tenkt å gjere det lettare for politiet å ha oversikt over seksualforbrytarar, men har istaden utvikla seg til ein offentleg gapestokk.

Saka om Jacob Wetterling er opphavet for at USA i dag ikkje berre registrerer, men også har offentleg tilgjengeleg informasjon om kven som er dømt for seksualforbrytelsar. (No er informasjoneen òg tilgjengeleg i ein app.)

Som nordmann kan ein nesten ikkje fatte denne ekstreme panikken for framande menn som bortfører born på skulevegen. Men om du har vore i ein offentleg park i New York og høyrt panikken som brer seg når nokon ropar «where is my baby?», har du ei lita aning.

LES OGSÅ: Her er kjendisane sine krimfavorittar

Makaber underhaldning
Som første sesong av «Serial» og Netflix-serien «Making a murderer», tek «In the dark» for seg ei kriminalsak og avslører ei mangelfull etterforsking. Madeleine Baran rettar skarp kritikk mot systemet som skal handheve lovene i landet.

Baran set òg eit kritisk søkjelys på publikums voldsame appetitt for slike historier. Når eg høyrer eit  gamalt opptak der ein tv-vert stiller groteskt tabloide og makabert farga spørsmål til dei pårørande, går det kaldt nedover ryggen min. Eg kjenner òg eit lite stikk av skuldkjensle, fordi eg sjølv er slik ein «true crime»-junkie.

Som sine amerikanske forgjengarar er «In the dark» engasjerande fortalt med eit imponerande kjeldetilfang og research-arbeid. Men der andre seriar har eit strengare narrativ og ymtar frampå om justismord, vågar Baran å gå nye vegar. Ho deler opp episodane meir tematisk. Slik får ho inn fleire vinklar, historier og problemstillingar.

Eg sit ikkje att med eit «kva skjedde?», eller berre det vanlege «korleis kunne det skje?», men òg eit «Kva skjer no?» Det verkar som det amerikanske systemet med politi og sheriffar på jakt etter mørkemenn er ei lekk sil. 

LES OGSÅ: Åt Siri albinokaninen sin til middag