Gjev blaffen i regelverket

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dagens utgåve av Hordaland står ein anonym skuterførar fram og fortel at korkje han eller nokon av dei andre i skutermiljøet på Voss bryr seg om lovverket når det gjeld køyring med snøskuter i utmark.

På den andre sida står Statens Naturoppsyn (SNO) og trugar med søk etter skuterførarane ved hjelp av helikopter og fly.

– Då det smalt på Utøya, prioriterte ikkje politiet bruk av helikopter, men når det kjem til livsfarlege og miljøkriminelle skuterførarar i fjella på Voss, då har dei midlane, seier den anonyme skuterføraren til avisa-hordaland.no

Diskusjonen om den ulovlege skuterkøyringa er alt godt i gang på Facebook – og det er, ikkje uventa, politiet, Statens Naturoppsyn og Voss kommune som får gjennomgå.

– Ikkje tilbakeståande
Initiativtakaren til debatten på Facebook skriv fylgjande: Eg kjenne eg blir so føbanna når dei skriv kor farleg da e! kor mangen skada seg på snøscooter i året? og kor mangen skadar seg på ski? eg har knekt arma og bein på ski, fått eit blå merke på scooter! Me e ikkje tebakeståande skjølv om me køyre scooter, me klara faktisk å sjå ka som e farleg og ikkje..

Ein annan skriv:Haha rolig gut!! Detta går heilt fint so lengje du har kjappare skuter enn politi og røde kors 🙂

Politiet e nok glad i å køyra snøskuter dei og, so da e nok noko dei prioritera framfor alt ant 😉

Når du sit på vetleflaten Xxxxxx ,kan da ve politikarane i kommunen har fått fingen ut å sett av eit lite område du kan køyra på 😉

NATURVÆRN OPPSYNET ska halda seg langt vekke.! Om ei ulykka førekjem, må me stilla dei som ansvarlige visst bruk av hellikopter ska benyttast. Når det gjelder snøskred faren blir da vertfall feil av ein trafikklærar som ikkje har erfaring på detta området å uttala seg…. Her bør Snøscooterfartsverket komma inn å fortella om faren, som driver innenfor opplæring klasse S, gps kurs og skredkurs… Ved eit lovlig scooter området ville sikkerheten rundt snøskred blitt ordna, me hadde hatt mulighet for å kunne sikra oss mye meir på detta området. … Scooterklubb kjem, no SKA me få i gang noe lobvlig kjøring.!'

LES SAKA I AVISA HORDALAND!

Kva meiner du om scooterkøyring i utmark?