Fyrstegongsjegeren

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Mange, mange års jakterfaring og tusenvis av kroner i form av grøne jaktklede er samla ved bommen på Haugestøylvegen på Hyllandsheia i Vinje. Det er fyrste laurdag i jakta, og stemninga er lett sjølv om det er tidleg om morgonen. Elgbikkja til jaktleiar Bjørn Hylland har nettopp gjort frå seg så sjølv dei mest hardbarka jegerane må trekkje unna lukta. Det er latter, og det er planlegging og diskusjon om kvar dagens fyrste driv skal finne stad. Instruksar om at dersom ein skal skyte stut, må han ha under seks taggar eller fleire enn ti.

Heilt stille midt i gruppa står ein unggut. Det er ikkje fyrste gong han er på jakt – langt ifrå – men no har han blitt 16 år. Skyteprøva er unnagjort på fyrste forsøk. Ei heilt ny rifle heng over skuldra hans, kjøpt for ti tusen eigentente kroner. Njål Almenning er endeleg klar. 

Med på jaktlaget er også bestefar, far og storebror. I fylgje dei andre på jaktlaget er det denne familien som jamt blir sendt til dei postane som ligg lengst vekk, lengst opp. Njål skal vera med storebror Finn på post det fyrste drivet. Posten der Finn skaut den fyrste elgen sin. Kanskje er det Njåls tur alt i dag? 
Vegen til posten er ikkje ein veg. Det er ikkje ein stig, ein gong. Men over myrane ber det, i godt driv. Og ikkje berre over, stort sett er ein godt nedi myra for kvart steg. Vatn sig inn i uimpregnerte fjellsko. Njåls sko ser nyare ut. Sikkert nyimpregnerte, tørre. 

Hysj … 
Njål og Finn kjem fram til posten. Storebror instruerer veslebror om kva retning han må kikke i, at han burde vri seg litt lenger mot høgre, så han får kvile albogen på kneet dersom han får eit dyr på skothald. Men tør han å skyte, dersom sjansen skulle by seg? 

– Ja, det gjer eg. Viss elgen kjem bra på. 

Dei to brørne set seg til. Stille. Å, så stille. Ein kjenner trongen til å hysje på flyet som fér forbi langt der oppe. Lauv – slutt å rasle! Me prøvar faktisk å jakte her. 

Men Njål og Finn let seg ikkje affisere av lydane. Augo deira sveipar over skogbrynet, heile tida. Finn skjer ein grimase i det han slepper kaffitermosen nedi sekken og den klinkar mot noko anna. 

LES OGSÅ: Ikkje cowboyar

– Dette lovar ikkje godt 
Det er Njål som merkar det fyrst: Noko lear seg i skogkanten. Pusting og pesing kan høyrast. 

Pusting og pesing? Då er det nok ikkje elgen denne gongen. Nei, det er Bamse, den illeluktande syndaren frå parkeringsplassen, som kjem halsande forbi med tunga ute. Hunden fer forbi i full fart, utan å bry seg om jegerane. 

– Dette lovar ikkje godt, seier Finn berre. 

Men dei blir sitjande. Som statuar med sveipande blikk. Ei god stund sit dei slik, heilt stille. 

Så høyrast intens bjeffing ikkje langt unna. Dei rettar seg opp, Finn tek seg til øyra for å høyre lyden av jaktradioen betre, og kviskrar:

– Eg trur dei er rett bak kammen her.

Njål speidar. Så blir hundeglammet fjernare. Ingen skot er å høyre.

– Kyr og kalv, seier han som har jaktradio på øyra.

Men så er det over, brått. Dei fór utivi, visstnok. Kvar det er, er uvisst, men det tyder nok at håpet om å få tak i dei to dyra er ute for jegerane. Og håpet om ein ny vår lever vidare for elgmor og kalven hennar.

LES OGSÅ: Fleire freistar jaktlukka

Nytt håp 
Ny pause, heilt taust. Heilt til Finn tek seg til øyra att, klemmer hørselvernet med jaktradioen nærmare for å høyre. Han sperrar opp augo, ser entusiastisk ut, peikar mot åskammen. 

– Det kan hende det står ein stut rett bak der! 

Då er det berre å håpe at han har færre enn seks taggar, eller fleire enn ti. Minuttane går sakte. Veldig sakte. 

I staden for stuten, kjem regnet. Og så er drivet er over, resultatlaust. Men det har slett ikkje vore kjedeleg likevel. Tvert imot: Det har vore kjempespennande, meiner Njål. For når ein sit der, veit ein aldri når noko kan dukke opp. Og det er den spenninga som gjer at ein kan sitje slik på post, time etter time, med høge skuldrar, kalde øyro og kanskje eit lite sug i magen. Er det min tur i dag? 

Etter det fyrste drivet får Njål og resten av laget jakte i fred, når me må reise vidare. Håpet om å få eit eller fleire dyr i løpet av dagen lever framleis, det er fleire driv igjen. 

Måndagen etter kjem det ei oppsummeringsmelding frå Njål. Det blei visst ingen dyr på Hylland denne helga. 

– Men det var veldig spennande å vita at eg kan skyte viss det kjem elg, meiner den unge jegeren, og legg til: 

– Eg skulle helst ha vore på jakt sondagen au, men då måtte eg på fotballkamp. Gledar meg til neste helg, fær håpe me fær då!  

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!