Fleirtalet trur regjeringa blir sitjande
Sju av ti trur regjeringa blir sitjande ut heile stortingsperioden til 2017, ifølgje ei meiningsmåling som Norstat har gjennomført for Vårt Land.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
23 prosent svarar at dei trur regjeringa går av før stortingsperioden er over.
– Veljarane er forstandige. I Stortinget var det fire parti som lovde ei ny regjeringa, og den forpliktinga er sterk, seier statsminister Erna Solberg (H).
LES OGSÅ: Skandale-regjering!
Optimistisk finansminister
Statsministeren meiner veljarane ser at det finst ein felles kjerne mellom dei fire borgarlege partia, sjølv om det har vore diskusjonar og usemje undervegs.
Også leiaren i Framstegspartiet Siv Jensen ser på resultatet i målinga som positivt.
– Dette er jo bra tal og eit godt utgangspunkt. For mykje av det regjeringa har lagt ned av arbeid, har ikkje folk fått merke enno. Det handlar om mange store reformer som det er brukt mykje tid på. No blir dei rulla ut, seier Jensen.
LES OGSÅ: Regjeringa har blitt regjeringen
Menn mest positive
Ser ein på kva parti dei spurde høyrer til, er det større skilje i synet på om regjeringa overlever eller ikkje. Nesten halvparten av veljarane til Senterpartiet trur regjeringa må trekkje seg før 2017.
Delen som trur at regjeringa blir sitjande, er også klart lågare blant veljarane til Kristeleg Folkeparti enn gjennomsnittet.
På den andre sida meiner ni av ti Høgre-veljarane at regjeringa blir sitjande.
Tiltrua til regjeringa er størst i sentrale strøk der folk er godt utdanna og tener godt, og menn er meir positive enn kvinner i synet på regjeringas evne til å overleve ut stortingsperioden. (©NPK)