Eg har tatt tog!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Valkampen er i gang. Det veit vi, fordi Erna Solberg og Jonas Gahr Støre diskuterte med kvarandre her ein dag, og Erna Solberg var best, ifølgje fleire som skriv i avisa, og viss det er ein ting vi har lært i sommar, så er det at vi kan stole på folk som skriv i avisa.

Årets val er eit kommuneval. Det betyr at statsministeren og partileiarane tek litt tog og snakkar ein del om folk som bur i kommunar når dei diskuterer med kvarandre til glede for oss som skriv i avisa.

Du er kanskje ein av dei som har vurdert å reise vekk litt no. Det har trass alt vore ein miserabel sommar. Vêret har ikkje vore heilt topp, og på tv var det berre båtar og Katrine Moholt. Så det hadde passa fint med ein liten ferie no i staden.

Men du er kanskje redd for at du kan komme til å gå glipp av noko viktig medan du er borte. Det forstår eg. Men hjelpa er her. Eg skal no fortelje deg kva som kjem til å bli sagt i valkampen, så slepp du å følgje med.

Det er ikkje sikkert alt dette kjem til å bli sagt høgt. Men likevel, omtrent dette kjem til å bli sagt i valkampen:

Eg skal ikkje stå her og slå folk i hovudet med ein masse tal, først og fremst fordi eg ikkje har nokon tal som er til å stole på.

Eg skal ikkje stå her og seie at alt som er gale i økonomien er statsministerens feil, sjølv om det for så vidt var akkurat det eg gjorde no.

Eg skal ikkje stå her og seie at alle problema begynte under den førre regjeringa, sjølv om det for så vidt var akkurat det eg gjorde no.

Sidan eg ikkje har nokon tal som kan underbygge det eg står her og seier, så fortel eg i staden ei historie om ein person som er så vanlig at han verken har etternamn eller adresse i Oslo. Geir er frå Fåvang. Eg har snakka med Geir. Eg trur vi politikarar har mykje å lære av folk som Geir.

No synest eg vi skal huske på at dette ikkje er eit val om rikspolitikk. Og det seier eg først og fremst fordi eg er i ferd med å tape denne debatten om rikspolitikk.

For fire år sidan dreiv Geir si eiga bedrift. Det gjer han ikkje no. Eg seier ikkje at det er regjeringas feil, sjølv om det for så vidt var akkurat det eg gjorde no.

Eg er mykje ute og snakkar med folk. Og ikkje nok med det: Ofte har eg også den øvste skjorteknappen open når eg snakkar med folk. Og som om ikkje det heller var nok: Av og til snakkar eg faktisk med folk utan at det blir filma. Ikkje ofte, men det skjer. Så eg veit ein del om kva som rører seg der ute.

I går var eg på ein skule. Der snakka eg med både elevar og lærarar. Så det så.

I går var eg i Haugesund. Der har dei også problem.

Eg veit ikkje kor fruktbart det er å stå her å krangle om kven som har gjort kva feil i tidligare tider. Eg vil heller fortelje at eg har tatt tog. Og eg har snakka med ei dame som heiter Gerd. Gerd er einig med meg. Og det er sånne som Gerd dette handlar om. Gerd og Geir og andre folk som kjem frå plassar som faktisk finst i dette landet: Gløpen, Syltevika, Bømlo, Hellesylt, Overhalla. Og eg kunne sikkert ramsa endå fleire rare norske stadnamn, men dette var dei raraste rådgivarane mine fann.

Eg vil heller fokusere på vår eigen politikk, for viss eg skal vere ærlig så følgde eg ikkje heilt med på det du sa om din politikk.

Førre veke var eg i Kautokeino. Der bur det også folk.

God ferie.


F
ørst publisert i Aftenposten 8. august.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!