Det vi står for

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Det vi står for

 

Vi kan ikkje ha det sånn. Ikkje kvar einaste vår. Vi vil ha fred, vi vil ha hygge. Vi vil gjerne fryse rundt kafeborda og nyte utepilsen i mai utan at at det skal bli dårlig stemning. Utan at vi skal bli uenige med kvarandre. Vi er lei av desse samtaleemna som alltid dukkar opp, og som alltid splittar oss. Vi vil sleppe den tunge stillheita rundt bordet, medan vi drikk og ikkje ser på kvarandre, stillheita før nokon seier: «Nei, la oss snakke om noko anna.»

Vi treng noko handfast. No meir enn nokon gong. Vi må finne ut kva det er som samlar oss og som seier kven vi er, kva vi vil og kva vi står for, som menneske og samfunn. Noko som samlar oss alle, uavhengig av ideologi, parti, utdanningsnivå, verdisyn, religion, etnisitet og smak.

Eg trur det er innlysane for alle kva det er som samlar oss.

Bruce Springsteen.

Om vi berre kunne fått han hit, permanent, så ville mykje ordna seg.

Dei fleste eldre menn som har spelt i hobbyband, har denne veka igjen fortalt oss at noko betre, større, vakrare og norskare enn Bruce Springsteen er det vanskelig å tenke seg. Han er ein av oss. Han liker oss. Han kjem hit ganske ofte. Og kvar gong han kjem, så møter vi opp. Og syng med. Og kan alle tekstane. Og takkar for at han framleis finst, og framleis held altfor lange konsertar sjølv om han eigentlig er altfor gammal til det. Vi kjøper platene hans, sjølv dei platene som andre ikkje kjøper. Bruce er oss. Bruce er det vi alle eigentlig vil vere. Han er ein sympatisk og underhaldande sosialdemokrat som kler t-skjorte. Det er ikkje mange slike igjen i verden. Kanskje er det berre han.

Gamle norske journalistar med stjerner i auga har svart på spørsmål frå andre gamle norske journalistar med stjerner i auga, som alle har spurt, som om dei var dei første: «Hva er det eigentlig med Bruce Springsteen og Norge?» Og dei har alle svart at det er noko der, eit slags band. Og Bruce har også svart, for han er sjølvsagt typen som svarer, og han har også bekrefta at, ja, det er noko der.

Han samlar oss. Han er likt i by og by, av advokatar og bønder, og folk frå alle parti. Eg skulle likt å sjå den norske partileiaren som gjekk ut og sa: «Bruce Springsteen er oppskrytt.» Det er like lite sannsynlig som at ein partileiar seier «Eg har alltid meint at 17. mai er kjedelig.»

Derfor: Om vi berre kunne fått han hit, for godt, så ville det blitt slutt på spliden og den dårlige stemninga. Vi ville funne samlande, og vakre kompromiss.

For eksempel: For å få lov til å tigge, så må du dokumentere at du kan minst ti Springsteen-songar. Dette er ein effektiv, rettferdig og ikkje-diskriminerande måte å redusere omfanget av uønskt tigging på. Og i staden for plagsom tigging, vil norske byar i sommar bli prega av eit mangfold av tiggarar frå heile EØS-område som syng «The River».

Verdigheit, kallar vi det.

I 17. mai-toga er det lov å vifte med norske flagg, eller med Bruce Springsteen-flagg. Og korpsa skal berre spele Springsteen-songar. Tenk kor vakkert. Barn frå ulik bakgrunn og ulike skular ser opp mot slottsbalkongen og syng

            We learned more from a three minute record baby

            than we ever learned in school

Og neste gong det skal byttast paneldeltakarar i Nytt på nytt, så veit vi kven som skal ta over.


Først publisert i Aftenposten 4. mai.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!