Derfor fryktar Spania skotsk ja

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dersom skottane seier ja til sjølvstende i torsdagens val, kan det gi vind i segla for seperatistrørsler i heile Europa. Mellom dei sterkaste finn me i Spania, der det er stor støtte i Katalonia og Baskerland for å lausriva seg frå Spania.

Dei siste dagane har den spanske regjeringa gjort det klart at Skottland ikkje vil få dei same rettane i EU som dei har i dag, dersom dei lausriv seg frå Storbritannia. Alle medlemslanda i EU har vetorett mot nye medlemmar.

QUIZ: Kva veit du om Skottland?

Den spanske europaministeren Inigo Mendez de Vigo seier at Skottland risikerer å måtta venta i minst fem år før landet kan bli medlem av EU viss det riv seg laus seg frå Storbritannia. Dessutan vil skottane vera nøydde til å innføra euro som valuta, som alle andre nye EU-land.

Uttalane er stikk i strid med det Alex Salmond har uttalt. Han leier kampen for at Skottland skal bli eit sjølvstendig land og har hevda at Skottland kan forhandla om medlemskap «frå innsida» av EU.

I eit møte i nasjonalforsamlinga i Madrid blei statsminister Mariano Rajoy (bildet) spurt om Spania ville leggja til rette for å integrera Skottland i EU dersom torsdagens avstemming resulterte i ei lausriving.

LES OGSÅ: Dette kan skje med eit sjølvstendig Skottland

– Heile Europa meiner slike prosessar er svært negative. Det skaper store problem på område som valuta-, gjeld- og pensjonspolitikk. Ei lausriving vil vera som ein torpedo mot Europas sjel, sa Rajoy, ifølgje NTB.

Katalonia skal etter planen stemma over sjølvstende 9. november, men den spanske regjeringa meiner ei slik folkerøyster er grunnlovsstridig.

– Om ein nasjon som Skottland kan stemma, kvifor ikkje Katalonia? spør regionspresident Artur Mas, ifølge NTB.

Mas peker på at katalanarane har ein kultur, eit språk og ein identitet med lange røter, og meiner at det vil vera umuleg for spanske styresmakter å stoppa dei for evig.

LES OGSÅ: Språk, fotball, fridomsstrev i Catalonia