Dei skal fly rundt jorda utan drivstoff

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Flyr jorda rundt utan drivstoff

Bertrand Piccard og André Borschberg, to sveitsarar med ein god dose galskap og store ambisjonar, starta i natt ei historisk reise rundt jorda.

Dei skal fly heile vegen utan å bruka ein dråpe bensin – berre solcellekraft.

– Me ønskjer å dela vår visjon om ei rein framtid, sa Bertrand Piccard til NTB.

Dei letta frå Abu Dhabi i natt, og skal stoppa fleire stader på vegen – India, Myanmar, Hawaii, New York med meir, før vêret bestemmer om dei flyr over Nord-Afrika eller Sør-Europa på veg tilbake til Abu Dhabi.

Den lengste etappen på turen blir over Stillehavet – 8172 kilometer frå Nanjing i Kina til Kalaelola lufthamn på Hawaii, ifølgje Teknisk Ukeblad.

LES OGSÅ: Abu Dhabi: Olje kan ikkje matcha solkraft

Menneskjeleg utfordring
Solar Impulse 2 er omtrent like tung som ein bil, men vingespennet er like stort som eit passasjerfly. Vingene er dekka av 17.000 solceller, som skal få flyet til å gå, skriv NRK.

Flyet er ikkje raskt – marsjfarten er på rundt 70 km/t. Difor vil turen bli lang – det er venta at Piccard og Borschberg når målet sitt på seinsommaren ein gong.

– Dette prosjektet er ei menneskjeleg utfordring, sa Bertrand Piccard før reisa.

Han og Borchberg har trent lenge for å bli klar til turen – dei har mellom anna øvd seg på å sova i periodar på 20 minutt, for å alltid vera klare om noko skulle gå gale.

LES OGSÅ: – Noreg kan konkurrera med Kina på solceller

Det ligg i blodet
Bertrand Piccard er i seg sjølv ein fascinerande fyr. Han har allereie flydd jorda rundt i ein ballong, og som eventyr følgjer han etter faren som var undervassoppdagar og bestefaren som også var ballongfarar.

Hos TED kan du sjå Bertrand Piccard snakka om å vera ein pionér, og korleis han bestemte seg for å fly rundt jorda utan drivstoff.

LES OGSÅ: Unge bryr seg meir om klima