NHH-studentar skal få prøva seg i finansjobbar
Nyttig erfaring til studentane skal førebyggja hjerneflukt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
NHH- studentar skal få prøva seg i finans- jobbar
Studentar og forskarar ved Norges Handelshøyskole (NHH) skal få nærmare kontakt med finansnæringa i Bergen gjennom eit formalisert samarbeid.
Prosjektet blei lansert på NHH onsdag. Det har fått namnet Finans Bergen, og initiativet har fått varm støtte frå finansnæringa i byen.
Opplegget inneber ei utveksling mellom NHH og bedrifter som bankar, fondsforvaltarar og andre som driv innan finans. Studentar frå NHH skal mellom anna få høve til å prøva seg i jobb i finansnæringa. NHH tek også sikte på å arrangera faglege seminar som kan vera til nytte for finansnæringa i Bergen.
Postdoktor Aksel Mjøs, som saman med professor Harald Schjelderup er ansvarleg for Finans Bergen, seier at studentane vil få stor nytte av å samarbeida med bedriftene om å skriva masteroppgåvene sine.
– Dei kjem til å arbeida med spørsmål som bedriftene sjølv synest er viktige, og som vil gje dei nyttig praktisk erfaring. Og vi håpar at ein bieffekt av dette opplegget er at fleire finn seg jobbar i Bergen etter eksamen, seier Mjøs. (©NPK)