Skriv om draum og tullskap
I år er det 150 år sidan den store ryfylkediktaren Rasmus Løland vart fødd. Ingelin Røssland bidreg i festskriftet "Draum og tullskap".
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
"Draum og tullskap" kjem ut på Selja Forlag i Førde. Blant dei 12 bidragsytarane i boka er mellom andre Herborg Kråkevik som fortel om kva ho les for dottera si, Ingelin Røssland som skriv om korleis det er å vere forfattar og besøkje skuleklassar og Arnt Birkedal som skriv om kva posisjon Løland har og har hatt i litteraturen.
Per Olav Kaldestad har ein mangfaldig forfattarskap gjennom mange år, og blant titlane han har gjeve ut er det nærare 20 barne- og ungdomsbøker. Han har motteke prisar både i inn- og utland for bøkene sine, mellom anna Samlagsprisen (1997) og Askeladdprisen (2001). Kaldestad har også vore viktig i arbeidet med å fremje kunnskapen om norsk barnelitteratur, mellom anna som leiar av organisasjonen Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere og som medredaktør for "Årboka for barne- og ungdomslitteratur".
– Rasmus Løland er moderne. Like moderne som dei mest moderne barnebokforfattarane i dag, sa forfattar Arnt Birkedal under lanseringa av "Draum og tullskap" i Stavanger nyleg. Løland var ein pioner i barnelitteraturen. Han skreiv levande og direkte til ungane, historier som skil seg frå eventyr og bibelhistorier.
Også kulturminister Anniken Huitfeldt, som har skrive føreordet i "Draum og tullskap", peikar på Løland si evne til å sjå verda frå barna sin ståstad:
"Han nytta eit språk som var tilpassa dei unge sjølve. Dette har inspirert mange forfattarar som kom etter han. Jubileumsåret gir oss høve til å minnast også denne sida av arven etter Løland", skriv Huitfeldt.