Nadine Gordimer har noko å skrive om
– Forfattar er noko du er, ikkje noko du blir, seier sørafrikanske Nadine Gordimer, som fekk fleire av romanane sine bannlyste av apartheidstyret.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nyleg kom novellesamlinga Beethoven var en sekstendedel svart på norsk, Nadine Gordimer fylte Litteraturhuset i Oslo til randa siste helg, og forfattaren som går i sitt åttiåttande år, er like sprudlande som då eg møtte henne på Elie Wiesel-konferansen "The Anatomy of Hate" i Oslo i 1990. Det var det året Nelson Mandela vart sett fri og kom på konferansen i Oslo for å snakke om forsoning.
– Eg har kjent Mandela sidan 50-åra, seier Gordimer, som etter Sharpeville-massakren i 1960 sjølv vart aktiv i kampen mot apartheid. Foreldra var jødiske immigrantar og budde i ein gruveby utanfor Johannesburg, storbyen Nadine Gordimer flytta til 1968 og har budd i sidan. I fjor kom boka Telling Times, ein murstein med artiklar Gordimer har skrive i ulike publikasjonar frå 1954 til 2008 om litteratur og politikk, og ein av artiklar opnar med dette sitatet:
«Den dagen eg ikkje er noko meir enn ein som skriv, sluttar eg å skrive.»
– Det er eit sitat frå min gamle ven Albert Camus, og det har vore eit moralsk credo. Skrive kan ein gjere om alt mogleg, men ein forfattar med integritet har eit ansvar som menneske i det samfunnet han lever i. Eg lever og har levd i eit samfunn der eg også kan vere eit vitne. Forfattar er ikkje noko du blir, men noko du er, med eit tredje auge for det som hender. I det systemet eg vart fødd inn i, har dette vore sjølvsagt å leve etter, seier Gordimer. I artiklane sine kjem ho stadig attende til kva det å vere ein sørafrikansk forfattar betyr for henne.
Byrjinga
– Eg byrja å skrive i niårsalderen, og det var ikkje slik at eg ein dag bestemte meg for å bli forfattar, eg berre skreiv, og dei første forteljingane for barn fekk eg på trykk femten år gammal.
I 1951 publiserte ho sin første artikkel i The New Yorker, det var byrjinga på eit langt samarbeid med magasinet, og lista over publikasjonar ho elles har skrive for, er lang.
– I eit intervju med deg sjølv i 2003 svarar du på spørsmål om å skrive ein sjølvbiografi at det vil aldri skje. Står du ved det?
– Absolutt, seier Gordimer, som på spørsmålet om den største mangelen i livet svarar at ho aldri har lært eit afrikansk språk.
– I skulen lærde eg engelsk og afrikaans, men ikkje zulu eller xhosa eller nokon av dei andre afrikanske språka som etter apartheids fall også er offisielle i Sør-Afrika.
Ungt demokrati
– Kva ville ein konferanse om hatets anatomi handle om i dag?
– Ikkje om Sør-Afrika. Det er framleis mange motsetningar, og spora etter apartheid er langt frå borte, men landet er mykje sterkare og i stand til å gjere opp med det i dag. Å fjerne motsetningar er ikkje noko ein kan vedta, det må vekse fram av seg sjølv, og folk går i skule saman og kan elles møtast på ein heilt annan måte enn før, då det voks opp generasjonar av kvite som var uvitande om livet til dei svarte, seier Nadine Gordimer. Ho tenner når ho får spørsmål om korrupsjon og anna som blomstrar under regimet til Jakob Zuma.
– Vi har hatt sytten år på oss sidan 1994, i eit land som vart kolonisert i 1652. Det er mindre enn ein generasjon. I 1994 kunne menneske uansett farge i dette landet for første gong stå i same kø for å røyste ved demokratiske val, og du kan ikkje førestelle deg kor stort det var. Dei demokratiske landa har hatt generasjonar på seg til å kome dit dei er i dag, og vi har ikkje eit perfekt demokrati, men utdanning og bustader er avgjerande for å kome vidare.
– Blir du trøytt av å få spørsmål om dette?
– Det er naturleg at folk spør, og eg orsakar ikkje tilhøva, men vi må vidare.
Møtet med Said
– I tittelnovella di «Beethoven var en sekstendedel svart» blir det sagt at ein gong var det svarte som ønskte å bli kvite, no er det kvite som ønskjer å vere svarte. Er det slik?
– Under apartheid var kvite livredde for at nokon skulle finne ei svart åre, no er det nesten status. I novella er det ein programleiar i radio som skal setje på eit Beethoven-stykke og innleier overraskande med at Beethoven var ein sekstandedel svart. Sjølv kan eg ikkje skryte av det, men eg ser på meg sjølv som god afrikanar for det.
– I novella «Drømme med de døde» møter du dei avdøde Edward Said, Susan Sontag og Anthony Sampson. Artiklar du har skrive elles, fortel at dei har hatt mykje å seie for deg. På kva måte?
– Edward Said, som eg heldt tale for ved grava, utvida forståinga for korleis orientalismen vart ei rettferdiggjering av kolonialisme også i Afrika. Han var ein palestinar som også hadde ei djup forståing av Israel og såg at hadde det ikkje vore for antisemittismen, hadde jødane vore frie verdsborgarar, seier Gordimer.
Ho avviser at den uretten Israel gjer mot palestinarane, kan samanliknast med apartheid.
– Israel gjer ein stor urett mot palestinarane, men det som hender i Midtausten, har bakgrunn i strid om land partane gjer historiske krav på, men dei kvite kolonisatorane i Afrika hadde ikkje ei einaste stripe land dei rettmessig kunne gjere krav på som innfødde, dei berre tok det. Apartheid er reindyrka rasisme, seier Gordimer.
– Anthony Sampson, journalist og forfattar som mange kjenner for klassikaren Anatomy of Britain, gav ut magasinet Drum i Johannesburg i 50-åra, og det var han som introduserte meg for Nelson Mandela. Han skreiv også om apartheid og vann Alan Paton-prisen for biografien om Mandela i 1999, seier Gordimer.
Ho var også var ein nær ven av Mandelas advokat Bram Fischer, og ho var ein av dei første Mandela ville møte då han kom ut av fengslet i 1990.
Sampsons eigen biografi The Anatomist kom post mortem i 2009, då Sampson vart heidra av Nelson Mandela Foundation.
Bannlysinga
– Fleire av romanane dine vart bannlyste, på kva grunnlag?
– A World of Strangers som kom i 1958, vart bannlyst i tolv år fordi han skildra kjærleik mellom svart og kvit. Burger’s Daughter handlar om dottera til ein svart politisk aktivist, og to romanar til vart bannlyste i mange år. Sensuren var omfattande.
Gordimer, som romandebuterte med The Lying Days i 1951, har skrive tretten romanar i alt. Dei fleste er omsette til norsk, og ho fekk Nobelprisen i litteratur i 1991.
Ho er visepresident i den internasjonale skribentorganisasjonen PEN, og opplevde at mens kampen mot apartheid i 1989 gjekk mot slutten og muren stod for fall, kom fatwaen mot Salman Rushdies Sataniske vers. "Censorship – The Final Solution" er tittelen på Gordimers harmdirrande artikkel om domen same år.
– Eg reknar meg sjølv som ikkje-truande, og religion har også vore påskot for sensur under apartheid. Den nye religiøst grunngjevne sensuren både frå muslimske og andre ekstremistar er eit trugsmål mot ytringsfridomen vi må vere på vakt mot, seier Nadine Gordimer.
Ho møter mange unge forfattarar og ser lyst på framtida for den sørafrikanske litteraturen.
– Etter 1994 opplevde eg folk som spurde «Kva skal de skrive om no?». No når vi kan skrive om alt!