Ungdommar inspirerte
Ungdomsrådet i Fyresdal håpar at nabokommunane skal ta utfordringa om å starta opp ungdomsråd.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ungdomar inspirerte
Ungdomsrådet i Fyresdal vitja Vest-Telemarkrådet (VTR) tysdag. Representantane frå Fyresdal kunne fortelje om stor aktivitet og motivasjon. Elles var Strategisk Næringsplan og organisering av VTR sentrale tema i møtet.
Tora Veum og Eirik Aas Levang frå Fyresdal hadde teke turen til møtet i Vest-Telemarkrådet. Der fekk dei høve til å presentere kva ungdomsrådet i kommunen deira stod for.
– Det var etter ynskje frå politikarane at me oppretta ungdomsrådet. Valet av medlemene blei gjort våren 2010, opna ungdomsrådsleiar Tora Veum.
Flest mogleg meiningar
Det er fem faste og tri vara som møtest ein gong kvar månad.
– Me fann ut at det var viktig å vere så mange for å få fram flest mogleg meiningar. Det er ei god alders- og kjønnsfordeling av medlemene, og me er representerte frå 8. klasse til og med 3. klasse i vidaregåande skule, opplyste Aas Levang.
LES OGSÅ: Kvifor skal me engasjera oss?
Rådet kan møte i kommunestyremøte om det er saker dei finn interessante, og dei har også fått ansvar for eit eige næringsfond på 10.000 kroner. Dette skal dei disponere mellom anna som tilskot til unge entreprenørar.
– Det betyr at me må vurdere søknadar, og det er opp til oss eventuelt avslå eller godkjenne ein slik søknad, sa Aas Levang.
Fleire manglar ungdomsråd
Elles har Ungdomsrådet i Fyresdal hatt viktige innspel i mellom anna lensmannsaka. Rådet var på Stortinget sist haust og fekk snakke med mellom andre Torbjørn Røe Isaksen og Anja Hjelseth. I tillegg var dei på kurs i Drammen.
– Me blei veldig motiverte av både besøket på Stortinget og kurset i Drammen. Det gav oss ein god start, slo dei unge fyresdølane fast.
LES OGSÅ: Open for å lovfesta ungdomsråd
Sjølv om nokre av dei andre kommunane i Vest-Telemark også har ungdomsråd eller tilsvarande, kan nok ingen skilte med same aktiviteten som i Fyresdal.
– Dette er framtida vår, og eg håper dette innlegget frå Fyresdal vil motivere alle kommunane om å aktivisere tilsvarande, sa regionordføraren.