Ingen Gullpalme til “Kjøttsår”
Det vart ingen pris for den norske filmen «Kjøttsår» under filmfestivalen Cannes sundag kveld.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det har likevel vore som ein draum, seier reportar frå avisa Hordaland, Geir Geitle, rett etter prisutdelinga.
Sjølv om filmen ikkje fekk nokon pris, var det ingen sure miner.
– Det er eit eventyr berre og vera her, seier Geitle.
Litt av ei oppleving
Den amerikanske regissøren Terrence Malic vann Gullpalmen for filmen «The Tree of life», med Brad Pitt i hovudrolla.
Dei unge skodespelarane frå Voss har hatt litt av ei oppleving i Cannes, denne helga.
Dei har tråla opp den raude løparen heile tre gonger i løpet av helga og vore med på den store prisutdelinga.
Gode tilbakemeldingar
Filmen vart vist for publikum laurdag og den fekk svært gode tilbakemeldingar.
– Den fekk god applaus og det er heilt surrealistisk at ein film som er spela inn på Voss skal få sjansen til å verta vist for eit internasjonalt miljø som det er her, seier Geitle.
20 filmar konkurrerte om Gullpalmen, som er ein av dei gjævaste prisane innan filmbransjen.
Faktaboks
Les meir om filmen hjå Cannes-festivalen og Hocus Pocus!