Kva veit du om slaveri i historia og kulturen?
Kva veit du om slaveri i historia, filmen, populærmusikken og metallverda? Test dine slavekunnskaper her!


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Anders Totland kom tidlegare i månaden ut med boka Den norske slavehandelen, med illustrasjonar av Kristian Krogh-Sørensen.
Til lanseringa laga dei denne quizen som du no kan få bryna deg på:
Quiz: Den store norske slavequizen
- Spørsmål 1 av 10
1.
Kva heiter artisten som i 1985 fekk ein hit med låta Slave to the Rhythm?
You got the Rhythm! Heilt korrekt!
Der kom du ut av rytmen. Rett svar er Grace Jones.
- Spørsmål 2 av 10
2.
Og kva for ein kjend britisk skodespelar, kjend frå TV-seriane Lovejoy og Deadwood, kan me høyre introdusere denne låta?
Imponerande! Er du fødd før 1990 kanskje, eller har du ei greie med 1980-talet?
Dette var feil, og det er heilt forståeleg om du ikkje visste kven Ian McShane var.
- Spørsmål 3 av 10
3.
Kven skreiv dette: Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann eller kvinne.
Du kan di bibelsoge. Heilt korrekt!
Rett svar er Paulus.
- Spørsmål 4 av 10
4.
Er ukrainsk eit øst-slavisk eller eit vest-slavisk språk?
Imponerande! Flaks eller kløkt? Svaret er iallfall rett.
Feil. Rett svar er øst-slavisk, saman med russisk og kviterussisk.
- Spørsmål 5 av 10
5.
Kva heitte trellen som etter soga drap Håkon Ladejarl i ein grisebinge i 995?
Heilt Rett!
Feil! Det var Tormod Kark som gjorde ende på Ladejarlen.
- Spørsmål 6 av 10
6.
Engebret Hesselberg var lensmannsson frå Ringerike og vart byfut på ei av øyene i Dansk Vestindia. Kva var det han gjorde som for alvor sikra han ein plass i historiebøkene?
Rett svar! Han slo ned på slaveopprøret, ja. Korleis det gjekk føre seg, vil vi helst ikkje vite i detalj.
Feil. Det vart ikkje prinsesse eller likheit for alle. Han slo brutalt ned på slaveopprøret.
- Spørsmål 7 av 10
7.
Kva heiter filmen som er regissert av Steve mcQueen og som i 2014 vann tre Oscar-prisar og to Golden Globe-prisar?
Rett svar!
Feil. Rett svar er 12 Years a Slave.
- Spørsmål 8 av 10
8.
Kva heiter metal-bandet frå Haugesund som debuterte i 1993 med EP-en Hordanes land?
Heilt rett! Er du ein ekte svartmetall-fan?
Feil. Svaret er Enslaved.
- Spørsmål 9 av 10
9.
Petter Wessel Tordenskiold er mest kjend som krigshelt, men starta karrieren på eit slaveskip. Kor gammal blei han, og korleis blei han drepen?
Det stemmer!
Svaret er feil. Han vart 30 år, og vart drepen under ein duell. (Han burde nok han trena
- Spørsmål 10 av 10
10.
Kor mange menneske lev i slaveri i dag, i fylgje ein rapport frå Walk free foundation?
Sjokkerande, men sant. Svaret er heilt rett.
Svaret er feil. Rett svar er heile 40 millionar. (med eit slingringsmonn på to millionar).