Fleire får byggja nær sjøen
Regjeringa gjer det lettare å byggja i strandsona.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Bergens Tidende skriv at regjeringa i dag vil leggje fram forslag til differensiert strandsoneforvaltning i statsråd. Ifølgje avisa vil landets strandsoner no bli delt inn i tre soner.
I sone 1 vil det vere streng forvaltning, medan sone har litt mindre strenge krav. I den tredje sona, sone 3, skal kommunane sjølv få meir lokalt sjølvstyre. Heile Sunnhordland blir plassert i sone 3, medan Bergen, Fjell, Sund, Øygarden, Askøy, Meland og Lindås blir passert i sone 2. Dei andre kommunane med strandsone i Hordaland blir også plassert i sone 3.
Fleire kommunar i Hordaland vil dermed få langt større råderett over sin eigen strandsone. Fylkesmannens moglegheit til å fremja motsegn skal dessutan avgrensast til saker av regional og nasjonal interesse.
LES OGSÅ: La ungdom byggja i strandsona
– Eg er veldig fornøgd med å komma så langt i denne saka. Det har vore veldig viktig for meg å få ei oppmjuking i dette regelverket som er blitt oppfatta som altfor rigid av mange, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) til BT.
Laga planar
Stortingsrepresentant Magne Rommetveit (Ap) seier til Sunnhordland at soneinndelinga skal evaluerast etter tre år.
– Det viktigaste no er at kommunane lagar skikkelege planar over kor dei ynskjer å byggje. Det skal ikkje vere tilfeldige område som blir utbygd. Men mi erfaring er at kommunane i Sunnhordland har vore veldig flinke til dette, seier han.