Får ein million til spelutvikling
Vossaverksemda Vostopia har fått ein million kroner frå Norsk filminstitutt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Får ein million til spel- utvikling
Denne veka delte Norsk filminstitutt ut støtte til film- og spelprosjekt, og det var seks norske spel som denne gongen fekk ein del av potten på til saman 3.925.000 kroner.
Deira nettlesarbaserte «Survivors» får ein millioner kroner. I spelet skal spelarane forsvara ein leir som er omringa av skumle plantar.
Dei må også utvida leiren og finna andre overlevande i invasjonen frå plantar frå andre planetar, vert det skrive om spelet.
Vostopia skriv også at dei har sikra seg kompetanse frå folk som har vore involverte i «Battlefield Heroes», «Harry Potter», «Syndicate», «Theme Park», «Burnout»-serien og «Max Payne 3».
Drammensfirmaet, Ravn Studios, fekk denne gongen den største delen på 1,5 millionar kroner til sitt nye spell – «Vinter i Blåfjell», melder pressfire.no på sin nettstad.