Lettare å få køyreopplæring

Gjev pengar for å betra tilgjenget på føraropplæring i distrikta.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete inviterer fylkeskommunane til å gjennomføre prøveprosjekt med føraropplæring i vidaregåande skule.

Store avstandar til føraropplæring skapar utfordringar for mange unge i Distrikts-Noreg som vil ta førarkort.

– Målet med prosjektet er å gjere trafikkopplæring for distriktsungdom meir tilgjengeleg, meir effektiv og billigare for elevane – gjennom reduserte kostnader til transport, seier statsråd Liv Signe Navarsete i ei pressemelding.

Prosjektet er ei vidareføring av eit prøveprosjekt om føraropplæring i tilknyting til vidaregåande skular, som gjekk i perioden 2007-2009. Då gjennomførte seks skular ulike prosjekt, som ein del av regjeringa si satsing på trafikktryggleik og ungdomstiltak i distrikta.

– Resultata var så gode at me ynskjer å spreie desse erfaringane til fleire skular og fylke. Blant anna såg me at strykprosenten til førarprøva vart lågare, og at fråværet og kostnadene i samband med reise til køyretimar gjekk ned. Dette ynskjer me å byggje vidare på, sa statsråden før tildelinga av midlar i 2010.

LES MEIR OM TRAFIKKTRYGGLEIK!

Prøveprosjektet blei vidareført i 2010, og det blei tildelt midlar til 13 skular i 8 fylkeskommunar. Prøveprosjektet held fram no i 2011.

Skular som alt har tilbod om føraropplæring, og skular som har vore med i forsøksordningar tidlegare og ynskjer å fortsetje med opplæringa, kan òg søke om midlar under føresetnad av at dei deler sine erfaringar med andre skular.

– Me ynskjer å vidareføre ei ordning som til no har vist gode resultat. Prøveprosjekta bidreg til at unge med stor avstand til trafikkskular får betre høve til å få føraropplæring, seier statsråden.