Skald forlag feirar 25 år
I desse dagar er det 25 år sidan forlaget Skald i Leikanger gav ut si første bok.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Skald forlag feirar 25 år
Den gongen dreiv Lars Nes bokproduksjon på eiga hand. I dag tel forlaget fire tilsette. Dei står bak godt over 250 utgivingar.
– Det har vore 25 givande og inspirerande år, seier forleggjar og ein av grunnleggjarane, Lars Nes i ei pressemelding.
Det var «Brev til Ingebjørg den Fagre av Sogn» (1993) av Johs. B. Thue som var den første boka forlaget gav ut. Forlaget står òg bak nasjonale salssuksessar som «Norges låver» (2014) og «Knud Knudsens album» (2015).
Les også: Skald heidra med pris for vakre bøker