Sjekkar arbeidsmiljøet til ungdom

LO sin vinterpatrulje startar i dag, fredag, med å besøke hotell og skisenter i Gol og på Geilo.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjekkar arbeids- miljøet i dag

– I år er det i stor grad turistkommunar og turistnæringa me tek for oss, uttalar patruljeansvarleg Markus Teigen i ei pressemelding.

Patruljen vil vera opptekne av at ungdom som jobbar ikkje skal behandlast dårlegare enn andre arbeidstakarar.

– Noko av vinterpatruljen sine viktigaste oppgåver er derfor å informere ungdom om eigne rettar og plikter i arbeidslivet, og rettleie dei når ting går gale, heiter det i pressemeldinga.

Vinterpatruljen understrekar at det ikkje har som mål å ta flest mogleg for lovbrot.

– Det beste for oss og for dei som jobbar er at det er eit godt arbeidsmiljø på arbeidsplassane, med ordna forhold, uttalar Markus Teigen og ungdomssekretær Aleksander Løkke-Sørensen.

Fredag skal patruljen altså til Gol og Geilo. Laurdag til Hemsedal og Gol på nytt. Sundag skal dei til Flå og Krødsherad.

LES SAKA I HALLINGDØLEN!

Faktaboks

Som arbeidstakar har du rett på:
– skriftleg kontrakt
– løn for opplæring
– overtidstillegg (men ikkje lov å jobba overtid viss du er under 18 år)
– pause
– høve til fagorganisering
– trygt arbeidsmiljø, evt. verneutstyr
– attest

Les meir hos Arbeidstilsynet og LO!