Billeggare kultur til unge
Teater, festivalar, konsertar, kino, idrettsarrangement og andre kulturtilbod kan no bli billeggare for ungdom i Sogn og Fjordane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
No kan kulturarrangørar søkje om tilskot for å kunne tilby rabatterte billettar for ungdom mellom 16 og 20 år.
– Det er ungdomen sjølv som har teke initiativet til dette, og no håpar vi at både ungdom og arrangørar nyttar seg av tilbodet, seier Sissel Loen (H), som er leiar for hovudutval for kultur til heimesidene til fylkeskommunen.
Alle som arrangerer kulturarrangement for ungdom mellom 16 og 20 år, kan søkje om tilskot for å kunne tilby rabattar til denne målgruppa. Målet er å skape større buglede for ungdom i Sogn og Fjordane og å inspirere arrangørar til å etablere nye kulturtilbod for ungdom.
– No håpar vi at arrangørane er om seg og bruker kulturkortordninga, slik at får sjå korleis bruken blir. Vi skal evaluere både bruk og retningsliner kvart år, seier Sissel Loen.
Ungdomen med i heile prosessen
Fylkestinget vedtok i desember 2010 å innføre kulturkort for ungdom, og i budsjettet for 2011 er det sett av ein million kroner til dette. I tillegg har fylkeskommunen søkt Kulturdepartementet om ein halv million kroner til tiltaket.
Det er kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune som administrerer ordninga, og hovudutval for kultur avgjer kven som får støtte, etter råd frå Ungdomspolitisk utval. Utvalet har også vore med i arbeidet med å lage retningslinene for ordninga.
– Det er veldig bra at ungdomane sjølve får vere med i heile denne prosessen. Dette er noko dei har teke initiativ til, og no får dei sjansen til å vere med å følgje det opp, seier Loen.
Leiar for Ungdomspolitisk utval, Ørjan Fjellkårstad, er glad for at ungdomspolitikarane vert tekne med på råd.
– Dette er eit teikn på at fylkespolitikarane tek meininga til ungdomen på alvor, noko ungdomspolitisk utval ser på som svært positivt. Det er ungdomen som skal føre framtidsfylket vidare, slår Fjellkårstad fast, og legg til at det no er opp til ungdom i Sogn og Fjordane å nytte seg av kulturkorttilbodet.