Vil la ungdom byggja i strandsona

Ønskjer å lokka fleire tilbake.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årsmøtet i Frøya Kristeleg Folkeparti har utforma og vedteke ein resolusjon som skal bidra til å få unge til å etablera seg på heimplassen, melder lokalavisa Hitra-Frøya.

– Ungdom skal ha høvet til å få byggja innanfor 100-metersgrensen på heimplassen sin når dei ynskjer å etablere seg på Frøya, heiter det i resolusjonen.

Tiltaket vil bryta med det generelle byggjeforbodet i denne strandsona.

– Frøya KrF ser det som viktig at Plan- og bygningslova blir endra slik at det blir mogleg for ungdom som vil etablera seg på heimstaden å få byggja nærare strandlinja enn 100 meter. Frøya KrF meiner det bør vera eit differensiert lovverk som tek vare på dei ulike landsdelane mot bustadpress, fråflytting og lokale tilhøve, heiter det i uttalen frå årsmøtet.

Kva meiner du? Er dette ein effektiv måte å snu fråflytting til tilflytting?