Historisk spark-VM på Geilo
Trass i mykje vind var det god stemning på Geilo laurdag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det 30. Spark VM på Geilo skreiv seg inn i historiebøkane i dag. Verdas største spark vart dytta igjennom Geilo sentrum. På setet satt sjølvaste ordførar Erik Kaupang.
Mykje vind
Trass i at været ikkje var topp så hadde mange tatt turen til Geilo denne dagen. Dagen starta med barnerenn der Mjølkejentun stakk av med vandrepokalen, og avslutta med kostymeklassa som i år som alltid besto av mange kreative innslag. Det var ein stor dag for alle på mange måtar.