Vil samle alle ungdomsråda i Hordaland
Skal læra av kvarandre.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil samle alle ungdoms- råda i Hordaland
Denne helga gjekk Ungdommens fylkesting av stabelen på i Bergen. Delegatane er mellom 15 og 20 år og kjem frå dei kommunale ungdomsråda i Hordaland, vidaregåande skular og frå ideelle organisasjonar. Ungdommens fylkesting blir arrangert ein gong i året og denne helga for 14. gongen.
For å få ungdommane til å engasjere seg meir i politikk og saker som vedkjem dei, ønskjer Strøm Skogseid og Nilssen at alle kommunar i Hordaland skal få ungdomsråd og at desse ungdomsråda møtast til felles samling to gonger i året.
Lære å finne gode løysingar
– Me hadde to samlingar i fjor med 30 deltakarar. Formålet med å samle alle dei kommunale ungdomsråda er todelt. Opplæring er viktig. Dei skal lære tale- og debatteknikk, og bli kjent med dei andre kommunane i fylket. Men dei skal og lære å samarbeide og lære av kvarandre og finne gode løysingar. Erfaringsutveksling og korleis andre løyser problem, er viktig, seier Strøm Skogseid og Nilssen til Hordaland.no.
Ungdomsråd i 20 kommunar i Hordaland
Det blir planlagt ein samling til våren og ein til hausten. Alle ungdomsråda i Hordaland blir oppmoda om å delta med ein ny deltakar og ein som har vore med før.
– Me rekrutterer dei som er med i ungdomsråda til Ungdommens fylkesting. Det pågår ein nasjonal kampanje for å opprette ungdomsråd i alle kommunar. Det er friviljug. I Hordaland har 20 av 33 kommunar aktive ungdomsråd. Me vil knyte dei saman i eit nettverk, slik at dei kan lære av kvarandre, seier Karl-Erik Strøm Skogseid og Lars Arne Nilssen, som går ein travel helg i møte på Ungdommens fylkesting.