SU speglar WikiLeaks
FpU-leiar vurderer å melda Sosialistisk Ungdom til politiet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vurderer å politi- melda Sosialistisk Ungdom
– SU ynskjer å forsvare ytringsfridomen. Difor ynskjer vi å bidra til å vanskeliggjera klappjakta på WikiLeaks, seier SU-ledar Olav Magnus Linge til su.no.
Reint teknisk tyder det at Sosialistisk Ungdom har sett opp ein parallell-servar som vil vere med å gjera det vanskelegare for USA og andre vestlege stormakter å stenge varslarsida.
– WikiLeaks er den største utvidinga av det politiske demokratiet på fleire år. Varslarnettsida har avdekt overgrep og maktmisbruk. Det bidreg til meir openheit og til at vanlege folk kan få vita meir om kva dei som styrer gjer bak lukka dører, seier SU-leiar Olav Magnus Linge til su.no.
– Hykleriet til vestlege politikarar er nesten utan grenser, når dei den eine dagen tildeler prisar til dissidentar i land langt borte, og den neste strupar ytringar som trugar deira eiga makt. Når ansvarlege for WikiLeaks blir truga med dødsstraff og at nettsider og servarar blir stengt ned, misbrukar vestlege stormakter makta si. Difor er det viktig at så mange nettaktivistar forsvarar ytringsfridomen og bidreg til å halde WikiLeaks gåande, seier SU-leiaren.
Vurderer å melda det til politiet
Leiar i Framstegspartiets Ungdom, Ove A. Vanebo, likar lite tiltaket til Sosialistisk Ungdom.
– Det synest eg er å bidra til kriminalitet og eg vil vurdere å melde SU for dette her. Dette er informasjon som har kome som følgje av brot på teieplikta, og det er difor heilt opplagt at dette er ulovlege opplysningar som er spreidd vidare. Det har ikkje noko med openheit og journalistikk å gjera, seier Vanebo til VG Nett.