Ønskjer kulturrabatt for unge

Ungdomspolitikarar i Sogn og Fjordane med innspel om kulturkort for ungdom.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det nyvalde ungdomspolitiske utval i Sogn og Fjordane har utarbeidd ein resolusjon for korleis dei ønskjer at ordninga med kulturkort skal fungere.

Dei ønskjer at kortet skal gjelde for ungdom frå 16 til 20 år, at alle skal få 15 prosent rabatt på operaførestillingar, festivalar og teater. Dette i tillegg til allereie eksisterande rabatterte ordningar. Kino er unnataket.

Kritiske til Melodi Grand Prix
Under ungdomstingseta i oktober hadde ungdomane oppe ei sak som gjaldt den fylkeskommunale pengeløyvinga til Melodi Grand Prix-delfinale i Florø. Dette var ei sak som opptok ungdommen i stor grad. Her vart det utarbeidd ein resolusjon som betrakta dette vedtaket som svært kritisk.

Leiar Ørjan Fjellkårstad meiner at Ungdomspolitisk utval skulle hatt ei større rolle når det gjeld økonomiske prioriteringar som kan råka ungdommen i Sogn og Fjordane.

– Sidan meiningane på Fylkestinget for ungdom var samrøystes, så stiller vi store spørsmålsteikn til denne prioriteringa i budsjettet, seier Fjellkårstad i ei pressemelding.

Hjelpepakkar til ungdomsråd
Ei anna sak som er oppe igjen år etter år, er ivaretaking av dei forskjellige ungdomsråda rundt i Sogn og Fjordane. Denne jobben blir no endå meir intensivert ettersom at UPU er avhengig av å ha gode ungdomsråd under seg.

Det er då blitt laga forskjellige typar hjelpepakkar. Til dømes fadderpakken og hjelpepakken er pakkar som blir tilbode til ungdomsråda i Sogn og Fjordane i år.

Synst du det burde vera billeggare å nytta seg av kulturtilbodet i fylket ditt?