Uprisen: Thomas Enger vann igjen!

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Enger vann òg Uprisen i 2014 for ungdomsbokdebuten, Den vonde arven, og har dermed fått prisen for begge sine to ungdomsbøker. Det var ein glad forfattar som torsdag formiddag mottok Uprisen føre ein stappfull Festsal i Kulturhuset Banken.

– Å bli nominert til Uprisen er eit kjempestort klapp på skuldra for ein forfattar. Det er utruleg stort å vinna prisen, og eg er veldig glad og takknemleg. Eg vil takka alle dykk som har lese boka, likt ho og røysta på han. Og storjuryen, hjarteleg takk! sa vinnaren frå scena.

I grunngjevinga til juryen heiter det blant anna:

Vinnarboken er ei bok som treff ungdom midt i hjarterota. Temaet fengjer målgruppa. Det er ei veldig lett bok å leva seg inn i, og han er vanskeleg å leggja frå seg. Språket er ungdommelig og realistisk, og gode skildringar bidrar til spenninga. Boka treff både gutar og jenter.

Vil du ha tips til gode bøker? Les dei siste bokmeldingane våre her!

Fakta om Uprisen

Uprisen vart utdelt først gong i 2007 og er ungdom si eiga kåring av den beste norske ungdomsboka utgive det siste året. Prisen blir arrangert av Foreningen !les i samarbeid Norsk Litteraturfestival på Lillehammer og Den kulturelle skulesekken. Les meir på www.Uprisen.no!