Sprang 109 kilometer på eitt døgn

Marie Veslestaul har fullført verdas hardaste triathlon-konkurranse fem gonger.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sundag kryssa ho målstreken på Bislett etter å ha sprunge 109 kilometer på eitt døgn.

– Eg hadde mål om å springe 200 rundar. Det blir nokon kilometer og mil av det når kvar runde er 540 meter. Eg hadde også eit lite håp om at eg skulle klare å springe 130 kilometer i løpet av døgnet me hadde til disposisjon. Men det skulle vise seg å bli i tøffaste laget, seier Marie Veslestaul etter det intense døgnet.

29-åringen var fornøgd med at ho klarte å bryte den magiske 100-kilometergrensa. Det var fyrste gong ho gjorde det i eit 24-timarsløp. Rett nok er det andre gong ho deltek i eit slikt løp. Veslestaul stoppa på 91 kilometer då ho debuterte i dette løpet for to år sidan. Då var det fyrst og fremst mageproblem som hindra henne i å nå ti mil. Den energiske småbarnsmora legg ikkje skjul på at det kan vere ei utfordring å få i seg nok næring i eit krevjande 24-timarsløp.

Likar utfordringar
– Kan du forklare kva eit 24-timarsløp er?

– Det handlar kort og godt om å springe lengst mogleg i løpet av 24 timar. Bislett 24-timars blir arrangert på den 540 meter lange innandørsbanen under Bislett, seier Veslestaul.

Det inneber at løparane har tak over hovudet, og slepp å engste seg for nedbør. Den lokale milslukaren meiner arrangementet er godt organisert. Dei som trekkjer i trådane gjer ein fantastisk jobb, og Veslestaul trekkjer fram god service på matstasjonen.

Ho trekkjer på smilebandet når ho får spørsmål om kva som får henne til å stille til start i eit 24-timarsløp.

– Det er utfordringa som pirrar, seier Øyfjell-jenta.

Ho meiner det er kjekkare med denne type utfordring enn å stille opp i korte løp eller sykkelritt. Veslestaul har fullført Norseman Triathlon på 14 timar og 45 minuttar. Den personlege triathlonrekorden er 12 timar og 20 minuttar. Neste år ligg det an til fleire utandlandsturar. Tyskland er alt blinka ut. I mai kan det bli triathlondeltaking på Mallorca. NM har ho også planar om å delta i. Norseman blir det fyrst att i 2012.

Må vere motivert
– Ein må vere motivert for å springe time etter time på ein bane som er 540 meter lang i ein murbygning. Bislett 24-timars er på sett og vis ein like stor mental som fysisk utfordring. Det handlar om å setje seg delmål. Eg må jobbe med meg sjølv før start, og ikkje minst undervegs. Det var aldri noko tema å gje seg. To timar før tida gjekk ut, var batteri i ferd med å flate ut, seier Marie, som kunne gje seg med godt samvit etter å ha halde det gåande i 22 timar.

– Eg føler eg er meir enn triatlet enn ultraløpar. Men distansar som dette er fin trening. Eg veit ikkje om det blir fleire 24-timarsløp. Det er i alle fall ikkje det fyrste eg tenkjer på, seier Marie med eit smil.

Ho har lova seg sjølv at det ikkje blir noko springing med det fyrste. Joggeskoa kjem nok til å bli liggjande ubrukt dei fyrste dagane. Etterkvart vil nok lysta på lange treningsturarar melde seg att for kvinna som stadig bryt nye fysiske barrierer.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!