Unge mindre optimistar – høgt utdanna drar frå
Framtidstrua fell blant unge under 30 år, mens dei med høgast utdanning ser stadig lysare på eigne økonomiske utsikter.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Jamt over har det norske folk eit positivt syn på eiga og landets økonomiske framtid, men for første gong på lenge er det teikn til spreiing i feltet, ifølgje forventningsbarometeret som finansnæringas hovudorganisasjon Finans Noreg står bak.
Undersøkinga viser at dei optimismen blant dei unge er dalande – mens den aukar for andre grupper. Og aller mest veks den økonomiske framtidstrua hos dei med meir enn fire års høgare utdanning.
Bustaddraumen
Utfordringa er bustadlånsforskrifta, som pålegg bankane å stille krav om 15 prosent eigenkapital til det store fleirtalet av lånekundane, meiner han.
– Mange under 30 år med fast jobb og ei inntekt som i utgangspunktet tilseier at dei klarer å betene eit lån, slit med å stille tilstrekkeleg eigenkapital. Når dei heller ikkje har foreldre som kan stille opp, blir vegen inn i bustadmarknaden lang og tung, supplerer informasjonsdirektør Tom Staavi i Finans Norge.
Frykt for forskrift
Oppfordringa frå finansnæringas hovudorganisasjon er derfor klar:
– Dette viser kor viktig arbeidet med bustadlånsforskrifta er. Bankane må få moglegheit til å drive godt bankhandverk, slik at unge med jobb og inntekt – men utan eigenkapital som tilfredsstiller kravet om 15 prosent – likevel kjem inn på bustadmarknaden, seier Kreutzer.
– Det vil vere ei ulykke for denne gruppa dersom Finansdepartementet lyttar til forslaget frå Finanstilsynet om å stramme inn ytterlegare på bustadlånsforskrifta. Forslaget vårt er å utvide grensa for kor mykje bankane kan avvike frå kravet om 15 prosent eigenkapital, noko som vil gi bankane meir rom for å utøve godt bankhandverk, seier Staavi til NTB.
Tryggare jobbar?
Den økonomiske framtidstrua har flata ut for alle utdanningsgrupper det siste året. Men no rykker dei høgast utdanna kraftig frå den andre hopen.
Kreutzer meiner at inntoget av robotisering og kunstig intelligens i arbeidslivet gjer seg gjeldande.
– Tala kan tyde på at dei med lengst utdanning opplever mindre frykt, truleg fordi dei oppfattar at jobbane deira er vanskelegare å erstatte med robotar, seier han til NTB.
Ny oljeverkelegheit
Sjølv om optimismen det siste året har lege over gjennomsnittet sidan forventningsbarometerets målingar begynte i 1991, ligg framtidstrua framleis godt under åra mellom finanskrisa og oljenedturen.
– Det kan tyde på at det sakte begynner å gå opp for oss at oljeinntektene betyr veldig mykje for oss, og at vi framover må skape svært mange arbeidsplassar i andre sektorar dersom vi skal klare å halde oppe velferdsnivået. Vi føler nok sterkare på dette i dag, enn då oljeprisen var over 100 dollar fatet og pengane rann inn samtidig som vi hadde fabelaktige lønnsoppgjer, låg rente og låg inflasjon, seier Staavi. (©NPK)