Kvinner gler seg, menn kvir seg

Nordmenn er delte i synet på den føreståande jolehandelen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir enn halvparten av alle kvinnene gler seg til jolehandelen. Mennene er av ei anna oppfatning.

Det er den årlege joleundersøkinga frå Nets (tidlegare BBS) som viser dette. TNS Gallup har gjennomført undersøkinga på vegne av Nets, og viser store skilnader i høve til om me gler oss til handlestria eller ikkje.

Medan 52 prosent av kvinnene gler seg, er delen menn som ser fram til årets jolehandel berre 20 prosent. Det er unge kvinner, dei under 30 år, som i størst grad gler seg til joleshoppinga.

I november eller tidlegare
Ifølgje undersøkinga seier heile 69 prosent av kvinnene mellom 15 og 29 år at dei gler seg til å handla jolegåver. Halvparten av befolkninga startar jolehandelen i november eller tidlegare, og tradisjon tru er det kvinnene som startar jolehandelen tidlegast.

Ikkje overraskande er det dei som startar tidlegast som i minst grad finn jolehandelen stressande.

Over 6.000 kroner
Den raskt veksande kjøpesterke gruppa frå 45 år og oppover er også dei som spanderer mest til jol. Nesten 30 prosent av dei over 45 år opplyser at dei planlegg å bruka over 6000 kroner på gåver.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!

Faktaboks

  * 52 prosent av kvinnene gler seg til jolehandel mot 20 prosent av mennene.
  * 55 prosent av mennene synest jolehandelen er stressande mot 42 prosent av kvinnene.
  * 83 prosent seier at dei kjem til å kjøpa dei fleste eller alle jolegåvene med kort.
  * 85 prosent seier dei kjem til å bruka bankkort/debetkort.