Høgre rekordpopulære blant studentar
Høgre har tatt igjen Arbeidarpartiet og er no det største partiet blant norske studentar, viser ei ny meiningsmåling gjennomført for Universitas.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Blant studentane som oppgir partipreferanse svarar 21,9 prosent Høgre. Samtidig svarar 20,6 at dei føretrekkjer Arbeidarpartiet og 17,3 prosent svarar SV, skriv studentavisa.
– Eg synest det er veldig hyggeleg at fleire og fleire studentar vil stemme på Høgre. Arbeidsløysa går ned, veksten går opp og det blir skapt fleire jobbar. Det er bra for studentar som snart skal ut i jobb, seier statsminister Erna Solberg til avisa.
Ho trekkjer fram regjeringas satsing på studentbustader, forsking og høgare utdanning landet rundt.
– Det trur eg studentane også opplever.
Kjersti Stenseng, partisekretær i Arbeidarpartiet, er ikkje like fornøgd og erkjenner at 20,6 prosent ikkje er bra nok.
– Det er ein stor jobb for oss å løfte dette talet, det er viktig å få inn unge før lokalval, men vi har også mange flinke studentar som sit i kommunestyre på lokalt nivå, seier ho. (©NPK)