Aktiv haust i 4H
Haustfestar på rekkje og rad over heile landet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Brita Hjorteland, Hilde Fisketjøn, Jon Magne Fisketjøn og Camilla Nærheim fekk plakett etter åtte år med fullførte prosjektoppgåver i Snøklokka 4H i Suldal i Rogaland. Haustfest har det også vore i andre grender.
Med utstilling av flotte prosjektoppgåver, mat og moro baud Snøklokka 4H til fest i samfunnshuset på Suldalsosen laurdag kveld.
Medlemmane i laget viste at dei har hatt mykje kjekt å halde på med gjennom året då dei presenterte årets prosjektoppgåver. Med emne som femna alt frå matlaging, fotterapi og barnepass, til hest og kattehold, foto, journalistikk, friluftsliv, skogbruk, motocross, gitarspel og kreative aktivitetar av ymse slag var det nok av flotte utstillingsobjekt å sjå i samfunnshuset denne dagen.
Stor aktivitet
Frå tidleg føremiddag til seint på ettermiddagen var det hektisk aktivitet i huset, med sensorar som imponert bedømte oppgåver og ”kjøkkenpersonell” i full sving med matlaging og klargjering til kveldens fest. Og med god mat, kaker, talar og underhaldning til seint på kveld, var det ei godt metta forsamling som fann vegen heim då festen var til vegs ende.