Slåst for lensmannen
Det nye ungdomsrådet i Fyresdal tek saka til Stortinget.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Slåst for lens- mannen
Kommunestyret i Fyresdal ynskte nærare kontakt med dei unge i kommunen. Resultatet blei eit ungdomsråd som alt er i gang med viktige saker.
I mai blei ungdomsrådet i Fyresdal vald. Etter ein informasjonskveld på samfunnshuset blei det sett opp ei liste der interessert kunne skrive seg på. Etter at namna var på plass blei det halde val på skulen og på ein ungdomsklubbkveld. Det var ungdom i aldersgruppa 13-19 år som skulle veljast. Til slutt blei resultatet fem namn på lista: Knut Momrak (8.kl), Tora Veum, leiar (9.kl), Lars Olav Libjå (10.kl), Anne Helene Johre (1. kl. vidaregåande) og Eirik Aas Levang (2. kl. vidaregåande) .
Godt fordelt
– Det passa eigentleg bra at det blei vald ein representant frå kvart klassetrinn, seier Hilde Martini Momrak, som er sekretær for rådet.
– Og så blei me vald av våre eigne, skyt leiaren i ungdomsrådet, Tora Veum, inn.
– Kva er oppgåvene dykkar?
– Me kan fremje saker til kommunestyret, og me er også ein høyringsinstans. Er det saker som vedkjem oss unge i større eller mindre grad, er det veldig bra at me blir høyrt, seier Eirik Aas Levang.
– Me har uttalerett, men ikkje stemmerett i kommunestyret, legg Anne Helene Johre til.
Så langt har rådet to viktige saker på agendaen, nemleg omorganiseringa av politiet i Vest-Telemark og idretts- og friluftsplanen i kommunen.
– Eg trur det er viktig at det ikkje blir for mange saker å handsame for dei unge. Derfor er litt av oppgåva mi å vurdere kva for politiske saker dei bør engasjere seg i, seier sekretæren.
Hektisk på Stortinget
For at medlemene i ungdomsrådet skal få litt føling med politikarane sitt arbeid, arrangerte ordføraren i kommunen ein tur til Stortinget i haust.
– Me hadde avtaler med fleire der inne, mellom anna snakka me med Anja Hjelseth, Torbjørn Røe Isaksen og me fekk også nokre ord med Liv Signe Navarsete, forklarer Johre.
– Så no er de klare til å satse på politikken?
– Me førebudde oss godt før me reiste innover, og me fekk også vite kva som gjorde til at både Hjelset og Røe Isaksen satsa på politikken. Men det såg ut til å vere ein hektisk og spanande kvardag med lange arbeidsdagar, meiner Aas Levang.
Blir teke på alvor
Ungdomsrådet har skikkeleg møtestruktur, og det blir ført protokoll etter møta som blir halde i kommunestyresalen. Medlemmene i rådet er vald for eitt år i fyrste omgang.
– Me må vel kunne seie at det er ei prøveordning så langt, men ungdomane er veldig engasjerte og dei føler at dei har noko i bidra med, seier Hilde Martini Momrak.
– Så langt har me blitt tekne på alvor, og det er positivt at politikarane tek omsyn til kva me meiner, spesielt i saker som vedgår oss, seier Veum.
Brev til stortingsrepresentantar
– Og no har de altså teke saka om lensmannskontoret i Fyresdal vidare til Stortinget?
– Me har skrive eit brev som er sendt til Torbjørn Røe Isaksen, med kopi til resten av telemarksbenken, Vest-Telemarkrådet og vår eigen ordførar. For oss er det viktig å ha det trygt rundt oss. I fjor sommar erfarte me at det gjekk før seg fleire skumle hendingar, mellom anna fyllekøyring og ulovleg køyring elles, i dei to vekene me var utan lensmann i Fyresdal. Han hadde ferie, og med dei erfaringane sterkt i minnet, undrar me oss på korleis det vil bli utan ein fast stasjonert lensmann i bygda, seier Aas Levang.
I brevet peikar ungdomsrådet nettopp på dei hendingane, og dei er også kritiske med tanke på dei store avstandane i regionen. No blir telemarkingane på Stortinget oppmoda om å lyfte saka på eit høgare plan.
– Me får sjå kva utfallet blir. Det er i alle fall viktig at me får fram kva ungdommen meiner avsluttar Eirik Aas Levang.