Flaskeposten ho sende som 4-åring har endeleg blitt funnen

I barndomen var Margit Brooks (16) frå Lærdal glad i å senda flaskepost. No har dei byrja å dukka opp att.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lærdal: Dei var der for å plukka plast, men midt i dugnadsjobben dukka det opp ei overrasking blant fjøresteinane på Vangsnes i Vik. Ein flaskepost frå 2007 stakk opp frå gjørma.

Brevet var signert Margit Brooks, fire år, frå Lærdal.

– Då eg var lita sende eg flaskepost heile tida, seier Margit Brooks, som i dag er 16 år.

Ønskte å gleda andre

Det var før helga at ho fekk melding på Facebook om at nokon hadde funne flaska ho sjøsette for elleve år sidan. Oppi låg ein lapp med informasjon om avsendaren, ei teikning og ein partyparaply.

– Eg likte å tenka på at dei som fann flaskeposten skulle få noko fint. Det er kjekt å sjå at nokon har funne han etter så mange år, seier Brooks.

Bestemor i Amerika

Dette er tredje eller fjerde flaskeposten ho har sendt som har blitt funnen. For eit par år sidan var det ein som fann flaskeposten hennar like etter å ha hala på land sin første laks.

Ho tykkjer det er like stas kvar gong å få melding frå folk som finn att det ho sende. Men det spørst om 4 år gamle Margit Brooks hadde vore nøgd med avstanden den siste flaskeposten hadde greidd å legga bak seg.

– Eg hadde ei bestemor i Amerika. Eg tenkte at ho kanskje skulle finna flaska, seier Brooks.

Denne saka var først publisert i porten.no.