I kveld kan du sjå romstasjonen fly over himmelen
Følg med på himmelen dei neste kveldane!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Har du lyst til å sjå Den internasjonale romstasjonen susa over Sør-Noreg i kveld og dei neste kveldane? Bur du i Sør-Noreg, kan du sjå romstasjonen dei kommande nettene.
I kveld er han synleg heile to gonger, klokka 21.05 og 22.41.
– Finn deg ein høg stad med fri sikt sørover. Følg godt med! oppmodar Pål Brekke, seniorrådgjevar ved Norsk Romsenter.
Ifølgje han ser romstasjonen ut som ei særs sterk stjerne som langsamt glir over himmelen frå sør og er synleg nokre minutt.
– Ofte vil du sjå at han langsamt blir svakare i nord – og han forsvinn raskt. Dette skuldast at han kjem inn i jordskuggen og sola ikkje lenger skin på han slik at me kan sjå det reflekterte sollyset, fortel Pål Brekke.
Ny oppskyting med forsyningar
Måndag skal SpaceX skyta opp nye forsyningar til romstasjonen der fire astronautar og to kosmonautar arbeider.
Den Internasjonale Romstasjonen går i bane nær jorda, i ein såkalt Low Earth Orbit. Han ligg i ei høgd på cirka 350 kilometer.
Verdas dyraste blomsterpotter
Sett frå jorda, kryssar romstasjonen himmelen frå vest til aust. Noreg deltek med forsking ombord, mellom anna står verdas dyraste blomsterpotter om bord – bygde i Noreg og til ein pris på kring 500.000 kroner per stykk.
– Me har òg bygd ein mottakar på ISS som overvaker all skipstrafikk frå verdensrommet. Eit unikt prosjekt, avsluttar Pål Brekke ved Norsk Romsenter.