Bruker pengane til unge og ufødde
Regjeringa har dobla gjelda til framtidige generasjonar på dei siste fem åra.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dagbladet publiserte i dag tal dei har fått frå Finansdepartementet som viser at underskotet i generasjonsrekneskapen har dobla seg under den raudgrøne regjeringstida.
Generasjonsregnskapet viser dei framtidige utgiftene og inntektene til staten. Underskotet i 2010 er på cirka 200 milliardar kroner. Dersom skattenivået ikkje skal aukast for framtidige arbeidstakarar, må det offentlege budsjettet anten kuttast – eller så må ein auka skattane med om lag 10,5 prosent.
– Dei som ikkje held orden i generasjonsregnskapet vil kome til å skatte folk i hjel om éit par tiår, seier statssekretær i Finansdepartementet, Roger Schjerva (SV), til Dagbladet. Fleire land i Europa, blant anna Hellas, er allereie byrja på smertefulle kutt, samtidig som staten er avhengig av auka skatteinntekter.
Forsvarar pengebruk
Schjerva forsvarar likevel pengedrysset i det siste statsbudsjettet.
– Det var rett av oss å bruke meir oljepenger i kriseåret 2009, for framtidig arbeidsløyse vil koste oss endå meir, seier han til Dagbladet..
Som sjefen hans, finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap) allereie har varsla, er det klart for kutt i statsbudsjettet når det blir lagt fram 5. oktober.