Over tusen nye artar i ny pattedyr-database

Sidan 2004 er det oppdaga over tusen nye pattedyrartar i verda. Av i alt 6.399 kjente nolevande artar er 96 nyleg utdøydde, viser ein ny studie.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har oppdaga over tusen nye pattedyr på 14 år

Det er eit amerikansk forskarteam som no har gått gjennom 1.200 studiar på jakt etter nye pattedyrartar. Dei fann særleg mange til no uregistrerte artar blant gnagarar og flaggermus, men òg mange nye klauvdyrartar.

Litt over halvparten av dei nye pattedyrartane er såkalla kryptiske artar, det vil seie ein kjent art som genetisk viser seg å vere to. Nyoppdaginga kjem som regel fram gjennom DNA-analysar, noko som har vorte mykje enklare for forskarane å utføre dei siste åra.

Den afrikanske skogelefanten (bildet) blei tidlegare rekna som same art som afrikansk bushelefant, men i 2010 fann ein ut at dei var forskjellige artar som skilde lag for 2-7 millionar år sidan. Foto: Thomas Breuer, CC BY 2.5-lisens

Forskarane bak samlestudien synest pattedyrbibelen Mammal Species of the World , som sist kom ut i 2005, blir oppdatert altfor sjeldan og har derfor laga ein ny digital artsdatabase for pattedyr: Mammal Diversity Database. Den er det meininga å revidere etter kvart og heile tida.

Studien er publisert i tidsskriftet Journal of Mammology. (©NPK)