WWF og havforskarar kritiserer Aps plastforslag

WWF og Havforskingsinstituttet går ut mot Aps forslag om å ta i bruk offshorefartøy for å samle opp plast i havet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Arbeidarpartiet har bedt regjeringa finne ut korleis offshorefartøy kan setjast inn for å samle plast i havet, og truleg vil forslaget få støtte av fleirtalet på Stortinget.

Men ifølgje Dagens Næringsliv meiner WWF og Havforskingsinstituttet at det ikkje er noka god løysing. Havmiljørådgjevar Fredrik Myhre peikar på at plasten er så spreidd og areala så store at miljørekneskapen kan blir negativ.

– Prioriteringsrekkefølgja er feil og antakelegvis skadeleg, seier han. Han meiner også at utstyret som i tilfelle må takast i bruk, kan fange store mengder egg, fisk og fiskelarvar.

– Dessutan veit vi at over 90 prosent av plastavfallet til slutt hamnar på havbotnen. Der er det største potensialet for opprydding.

– Heilt urealistisk

Forskar Bjørn Einar Grøsvik ved Havforskingsinstituttet peikar på at 70 prosent av jordoverflata er hav.

– Derfor er det heilt urealistisk å dekke anna enn ein heilt marginal del med oppsamlingsfartøy, om du så brukte alle tilgjengelege skip i verda.

Strengare krav er meir effektivt

Myhre meiner det viktigaste og mest effektive er å ta hand om plastavfallet før det hamnar i sjøen.

– Gjennom å krevje at plastprodusentar og importørar får ansvar gjennom heile livsløpet, vil mengda plast på avvegar reduserast, seier han.

(©NPK)