Nordmann sette verdsrekord: Reiste jorda rundt på 56 timar
– Eg har fått min dose med fly for ei stund for å seie det slik, seier Gunnar Garfors til VG på telefon frå Sydney.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Gunnar Garfors er forfattar og har skrive fleire reisebøker.
No har han altså reist jorda rundt på under 60 timar og var innom alle dei seks kontinenta.
Hadde han privatfly? Neida. Dette var rutefly!
Guinness rekordbok
Reisa starta og slutta i Australia, og på turen stoppa dei i Santiago, Panama, Madrid, Alger og Dubai.
På litt over to døgn har dei reist 43.000 kilometer med ein gjennomsnittsfart på 750 kilometer i timen.
Verdensrekorden er så langt uoffisiell, sidan Guinness rekordbok må godkjenne den.
Galne idéar
Gunnar seier til VG at han vil inspirere andre med verdsrekorden.
– Vi vil inspirere folk til å gjere det dei har lyst til – uansett kor rart det høyrest ut.