Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fødd: 1979
Har skrive: “Herfra blir du bare eldre” (prosa, 2001), “Ambulanse” (noveller, 2002), “Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?” (roman, 2005). Har også skrive to skodespel, i tillegg til novellar, korttekstar, essays m.m. for antologiar, tidsskrift o.l. i inn- og utland. Buzz Aldrin er til nå under utgjeving i ni land.
Kva hjelpemidlar har du glede/nytte av som forfattar:
Det einaste eg eigentleg treng er ein mac. Eg har gitt opp å forsøke å leve med ustabiliteten og dei konstante virusinfeksjonane i ein pc. Apple er derfor redninga. Og har eg ein mac, har eg også dei andre tinga eg treng, som er musikken, video/tv og photoshop / illustrator / indesign etc. Eg jobbar mykje med grafisk utforming i tillegg til og i samanheng med skrivinga, så dei ulike elementa over er gjensidig avhengige av kvarandre. Det einaste eg ikkje får plass til i maskina, er bøker. Dei må eg bære med meg utanom. Men det gjer ingenting.
Brukar du musikk til arbeidet, og i så fall kva:
Eg høyrer alltid på musikk mens eg skriv. Kvar bok / prosjekt har sine eigne spelelister ettersom kva som passar til dei. Å liste opp det heile vil ta for lang tid, men nokre viktige band/artistar kan vere:
Joy Division, R.E.M., Cat Power, Radiohead, The Velvet Underground, Supersilent, Mingus, Cloroform, Motorpsycho, Stars of the Lid, Susanna & The Magical Orchestra, New Order, Sigur Rós, Dj Shadow, Throbbing Gristle osv osv osv
Dine gode råd og tips til forfattarspirer:
Eg trur noko av det viktigaste du gjer er å lese mykje, skrive enno meir, og innsjå logikken i at om du skal skrive om verda, må du også leve i ho. Det betyr til dømes å anerkjenne musikk, film, bra og dårlig tv, videospel m.m. som viktige kulturformidlarar. Litteratur skapast ikkje utelukkande på bakgrunn av annan litteratur.
Elles er det viktigaste, kanskje det aller viktigaste, å innsjå at det tar tid. Du trenger ikkje bli forfattar i løpet av fjorten dagar, det er i orden at det tar tid, at det tar årevis, med prøving og feiling, det er heilt vanlig, det er slik det skal vere. Og det er ikkje alle som blir forfattarar, sjølv om dei gjerne vil. Det er ikkje heilt som å gå og kjøpe seg ein gitar, lære å spele på han ved hjelp av”Llillebjørns gitarbok”. Du må sjølv finne ut om du har gitar i utgangspunktet, kan du seie. Det kan vere eit mas, det heile.