Dette er ei digital video-dagbok sett gjennom det drøymande blikket til Brian Herzlinger. Han er ein blakk, ambisiøs filmskapar frå New Jersey som har vore forelska i Drew Barrymore sidan han som gutunge såg Spielbergs klassikar «E.T.». Brian vil gjerne kombinere sine to lidenskapar – film og Drew – men å lage film er vanskeleg utan pengar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dette er ei digital video-dagbok sett gjennom det drøymande blikket til Brian Herzlinger. Han er ein blakk, ambisiøs filmskapar frå New Jersey som har vore forelska i Drew Barrymore sidan han som gutunge såg Spielbergs klassikar «E.T.». Brian vil gjerne kombinere sine to lidenskapar – film og Drew – men å lage film er vanskeleg utan pengar. Endå vanskelegare utan videokamera. Men dette fikser Brian med kredittkort på ei elektrosjappe med 30 dagars returrett. Deretter byrjar dekonstruksjonen av dei seks seperasjonsgradene som ettersigande skiljer han frå Drew. Han må snakke med nokon som kjenner nokon som kjenner nokon…
I beste fall er denne filmen ein perfekt dating-film. Så kan ein fnise nervøst saman på Brians vegne i staden for å gremmast over seg sjølv.