Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 18:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

”Wenn der Krieg verloren geht, ist es vollkommen egal, wenn das Volk mit Untergeht”, skal Hitler ha sagt under sine siste timar i bunkersen i Berlin. Rått oversatt: når det tyske folk ikkje klarte å realisere Hitlers visjonar om det Tredje Riket kunne dei like godt berre jevnast med jorda. Så mykje for kjærleiken til Das Volk, altså…

Medan Berlin bombast sønder og saman, sit Hitler og hans medarbeidarar i tilsynelatande tryggleik, under jorda, i ein bunker som berre kan karakteriserast som eit forkammer til det komande helvete, og sveitter ut sine siste freistnader på å forsvare seg mot russaranes endelege grusleggjing av Tusenårsriket. Problemet er berre at Hitler former strategiar med styrkar som ikkje finst. Despoten er endeleg det han alltid burde vore: makteslaus.

Filma i same studio som Wolfgang Petersens ”Ubåten” (1981), med handheldt kamera og naturleg lyssettjing, vert dette eit mildt sagt klaustrofobisk djupdykk i undergongens emosjonelle korridorar. Det er samspelet mellom despoten som ikkje vil innsjå at slaget er tapt og hans frustrerte men like fullt lojale medarbeidarar som vert den tunge maten i ”Der Untergang”.
Best og verst framstilt i scena der Magda Goebbels drep barna sine med gift for så å ta sjølvmord saman med Goebbels. Hitlers sekretær Traudl Junge (Alexandra Maria Lara) vert vår medmenneskelege guide i dei divergerande og groteske kjenslemønster handlinga fletter seg kring. Den verkelege Traudl Junge har skrive biografien ”Bis zur letzen Stunde”, samt vorte presentert i dokumentaren ”I Dødvinkelen” (2002); eit 90minuttar langt intervju der ho spør seg sjølv kva som gjorde at ho kunne være del av Hitlers verd utan å gå under i moralsk sjølvransaking.

”Der Untergang” har då også skapt stor debatt med spørsmål som ”Er det historiske materiale realistisk?”, ”Kva betyr denne filmen for Tyskland vs resten av verda?”, og ikkje minst i kva grad filmen menneskeleggjer ein mann som ikkje fortener anna enn evig demonstempel. Bruno Ganz glitrande tolkning av der Führer gir utan tvil filmen mellommenneskeleg og emosjonell kraft, men dette gjer vel berre Hitlers handlingar desto meir sjuke og umenneskelege? Å sjå denne filmen er rein samfunnsplikt.