NTNU vurderer mannspoeng på kvinnedominerte fag

NTNU i Trondheim har lenge brukt kvinnepoeng for å få kvinner til å studere teknologi. No vil leiinga ha mannspoeng på kvinnedominerte fag.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den nye diskrimineringslova som trer i kraft 1. januar 2018 tillèt bruk av ekstrapoeng for menn som søkjer på kvinnedominerte studium, skriv Adresseavisen.

NTNU er det universitetet i Noreg som har brukt kvinnepoeng i størst omfang. Målet har vore å rette opp mannsdominansen på teknologiske fag. Etter fusjonen med Høgskulen i Sør-Trøndelag, Høgskulen i Ålesund og Høgskulen i Gjøvik, har NTNU fått inn nye fag med sterk kvinnedominans.

Grense på 40 prosent

Rektor Gunnar Bovim jobbar med ferdigstilling av ein ny handlingsplan for likestilling og mangfald. Planen trer i kraft ved årsskiftet. Eit nytt prinsipp er å hjelpe fram det underrepresenterte kjønn, uavhengig av om det er kvinner eller menn.

– Alle studium med mindre enn 40 prosent av eitt kjønn skal gjennomføre tiltak for å betre balansen, seier han.

Streng prosedyre

NTNU-styret anbefaler at kjønnspoeng skal vurderast når mindretalet har vore under 40 prosent dei tre siste år, og på studium der kjønnsbalansen i arbeidslivet er skeivare enn 70–30.

– Vi må vurdere gutepoeng på ein del studium, seier Anne Borg, prorektor for utdanning ved NTNU. Men ekstrapoeng blir ikkje det første tiltaket ein grip til, varslar ho.

– Kunnskapsdepartementet har lagt opp til ein ganske streng prosedyre, der ein skal prøve ut ulike tiltak før det er aktuelt å søke om innføring av ekstrapoeng.

Av dei 289.000 studentane her i landet er 60 prosent kvinner. I aldersgruppa 19 til 24 år tar 28 prosent av mennene høgare utdanning. Blant kvinnene er delen 43 prosent.

(©NPK)