Kvifor er Kviterussland eit diktatur?

Framtida
Publisert
Oppdatert 15.11.2017 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg er i Minsk, Kviterusslands hovudstad. Kvifor treng eg ikkje å fortelje. Derimot kan eg fortelje dette: viss eg går bort til vindauget og lener meg ut av det, kan eg knapt femti meter borte sjå muren som innkapslar Statsfengselet, kor Kviterussland, som einaste europeiske nasjon, framleis avrettar sine eigne borgarar. Den som legg seg ut med styresmaktene vert, viss president Lukasjenko føler for det, fengsla av omsyn til nasjonens tryggleik, og, i aller verste fall, stilt opp mot muren og skoten. «Men ta det med ro», sa ein av venene eg bur hjå første gong eg vitja byen: «du kan ikkje høyre noko herfrå».

Kvifor er Kviterussland eit diktatur? Skulle ein ikkje tru at landet, då Sovjetunionen gjekk i oppløysing og kviterussarane – som aldri før i historia hadde hatt nokon eigen stat – frigjorde seg frå den russiske imperiemakta, reservasjonslaust ville omfamne såkalla vestlege verdiar, som vi i vår del av verda går ut frå som sjølvsagt at alle menneske overalt synst er alle andre verdiar overlegne, slik Polen, Litauen og Latvia har gjort? Dette er spørsmål ein ikkje kan unngå å stille seg når ein oppheld seg her i landet, men uansett kor ofte ein stiller dei, er det vanskeleg å få auge på noko overtydande svar. Kviterussland er eit lite land utan særskilte naturressursar, men i store delar av etterkrigstida var det likevel ein av dei mest velståande sovjetrepublikkane. Minsk var ein by i ruinar etter krigen, men vart gjennoppbygd som sosialistisk mønsterby etter ordre frå Stalin, med lange, rette, breie avenyar og ruvande prestisjebygg i neoklassisistisk stil – praktfullt, men unekteleg svært kitschy, som var sentrum av byen eit utandørs museum for Sovjetstatens sjølverklærte gullalder. I dag fungerer mange av Stalins praktbygg som hotell og/eller kasino, noko som forsterkar inntrykket av at Minsk er ein by med ein påfallande mangel på samsvar mellom form og innhald. Viss ein spør seg kva den kviterussiske identiteten eigentleg består i, er det freistande å konkludere med at han best kan definerast paradoksalt. Kviterussarane har sitt eige språk, men dei talar det ikkje. Dei foraktar den tidlegare imperiemakta Russland, men fyller sine daglegliv med russiske språkhandlingar, russisk populærkultur, dei kjøper russiske varer for sine altfor få, hardt erverva, stadig devaluerte rublar, dei varmar sine tronge, overfylte heimar med subsidiert, russisk energi. President Lukasjenko og hans dystre, russiske kollega Putin kan visstnok ikkje fordra kvarandre, men Store Far i Moskva held likevel si vernande hand over sin bartepryda frende i Minsk. Historisk og kulturelt er det nok, når alt kjem til alt, rett å seie at Kviterussland har meir til sams med grannelanda i vest, likevel er det den store grannen i aust som har makt over stat og sinn. Medan litauarar, latviarar og polakkar har EU-medlemskap, fri flyt av varer, tenester, menneske, marknadsøkonomi med alle sine sol- og skuggesider, opplever kviterussarane at president Lukasjenko sel landet attende til russarane, stykke for stykke. Fattigdom er dei vane med – det er mangelen på fridom, evna til å påverke eigen lagnad, som plagar det kviterussiske folket.

I april 2011 vart ei bombe detonert i metroen under Minsk. 15 menneske mista livet. To menn vart pågripne, den eine tilsto, begge vart avretta – kanskje i fengselet rett rundt hjørnet for her kor eg sit og skriv dette, kanskje ein annan stad, ingen veit sikkert. Når eg spør folk eg treff her om hendinga, vil dei helst ikkje tale om det, men viss dei likevel lét seg overtale, seier dei – utan unnatak så langt – at dei trur styresmaktene sto bak. Eg veit ikkje om dette stemmer, sjølvsagt, men det enkle faktum at tilsynelatande normale menneske synst det er ein plausibel teori, fortel vel eigentleg det ein treng å vite om regimet i Minsk.

I Noreg høyrer vi lite om dette. I 2012, då demokratiforkjemparen Ales Bialiatski fekk den norske Forfattarforeininga sin ytringsfridomspris, vart han invitert til Oslo, men kunne ikkje kome, fordi han, sjølvsagt, sit i fengsel, men kona hans kom og fekk møte dåverande utanriksminister Jonas Gahr Støre, som gav uttrykk for sympati med det kviterussiske folket, og elles uttrykte seg svært diplomatisk, i tråd med både sin eigen natur og si politiske rolle. Gahr Støre kan neppe kritiserast for dette, men det er påfallande at norske styresmakter, som elles er svært opptekne av å framstille Noreg som ei humanitær stormakt og forkjempar for fridom og menneskerettar i fjerntliggjande delar av verda, har gjort svært lite for å fremje desse verdiane i vårt næraste diktatur. Noreg forhandlar for tida om ein frihandelsavtale med Kviterussland. Det kviterussiske folkets fridom lét til å vere mindre viktig, diverre.