Klimaforskar åtvarar om varmare og villare vêr

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi kan venta oss varmare vintrar, meir regn og ekstremvêr her til lands i åra framover, ifølgje klimaforskar ved Meteorologisk institutt.

– Vi kjem til å få ein lengre haust og tidlegare vår. Vintrane blir kortare, med meir uvêr og nedbør i form av regn. Område av landet, spesielt Vestlandet, kjem ikkje til å få snø, seier klimaforskar Ketil Isaksen, ifølgje Klassekampen.

Auka nedbør

Under Svalbard Science Conference på Fornebu denne veka orienterte han om kva vi kan venta oss framover.

– Noreg har alt blitt 1 til 1,5 grader varmare. Auken er sterkast i nord, held Isaksen fram, men peikar også på positive konsekvensar.

– Jordbruket merkar allereie ein lengre vekstsesong. Samtidig vil auka nedbør kunne føra til meir flaum og ras og dei problema det fører med seg, seier klimaforskaren.

Varmare vatn

Mykje av klimaforskinga går føre seg på Svalbard. På 15 år har øygruppa blitt mellom seks og ti grader varmare. I 83 månader på rad har gjennomsnittstemperaturen vore over normalen.

Vatnet i dette området har blitt varmare både sidan Golfstraumen pressar opp varmare vatn frå Atlanterhavet, og havisen blir redusert i omfang. Det har også fått konsekvensar for fisken. Torsken trekkjer nordover mot kaldare vatn, og artar som sild, lodde og makrell opptrer no i fjordane på Svalbard.

Samtidig har ikkje Isfjorden, der Longyearbyen ligg, hatt is sidan 2008.