2. juni reiser eg på dugnad til Island. Island står i fare for å bli eit u-land. Dei kan miste råd til å tenkje og handle grønt og økologisk. Vi tener på å hjelpe dei.

Mette Karlsvik
Publisert
Oppdatert 08.11.2017 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Intensivt forskningsarbeid i Magasinett sitt arkiv har resultert i følgande tal på antal saker om Island:

Fem (elleve, om ein tel saker kor Island speler ei birolle, og ikkje hovudrolla). Eg ser min sjanse til å skipe ein ny serie her i Magasinett. Ikkje “meiningar”, ikkje “meldingar”, nei, nei, ein serie som går på tvers av desse kategoriane. “Island”, rett og slett.

Dette blir sak nummer seks i serien, med undertittel synsing. Synsinga først: Eg synest at Norge skulle gi meir hjelp til Island. Sånn, så er det ei daud løve, som Ernst Hemingway sa etter kvar bok han hadde skrive. Ferdig med den meininga, med andre ord. No skal eg bruke resten av følgjetongen til å underbygge kvifor eg meiner dette:

Tidlegare…

For nye lesarar, skal vi oppsummere tidlegare handling. Episode nummer ein var ca 830 e. kr. Då kom rogalendingen Floke Vilgjerdsson til Island. Han busette seg i “vika som det røyk frå”. Reykjavik. Denne episoden blir toppa av at Vilgjerdsson drep ein fiende av seg. Då blir noen munkar, som budde der før Vilgjerdsson kom, fornærma. Dei reiser heim til Irland.

I fjor ein gong kom episode to, som var om Björk Gudmundsdottir. Sia då har vi hatt jamnleg islandsnytt, med eit høgdepunkt frå Are Kalvø ein fredag i april. Endeleg er vi framme ved episode #6: Den begynner med ei samtale som eg hadde med redaktør og bladgründar Henning. Han starta i sin tid Tique, og eit ekstremsportblad. Som norske magasin flest, har dei nesten ingen faste tilsette, slepp arbeidsgjevaransvar og er avhengige av gode frilansarar. Eg er ein av dei som latar som om eg er ein god frilansar, og diskuterar ei sak med han:

Eg: Eg vil sykle over Island, og hjelpe til på gardane. Koste aske.
Henning: Du veit at nordmenn som drar til Island aldri kjem att?
Eg: Neeei då. Det er nestan ikkje seismisk aktivitet i vulkanen lenger. Eg kjem meg att.
Henning: Det er ikkje det eg tenkjer på. Nordmenn blir glade i Island. Skjønner du?
Eg: Aha! Ja! Men vil du ha ei sak, eller ikkje?
Henning: JA eg treng ei sak. Men koste aske?! Eg driv eit ekstremsportblad! Kva er så ekstremsportsleg med å koste aske?
Eg: Stønn! Dette er the real thing, gut! Dette er ikkje noe leiking i halfpipen. Dette er å sveitte og spytte blod og arbeide – med meining!
Eg: Eg vil gi Island den beste gåva Norge kan gi: Eg skal dra til Island på dugnad!
Henning: Korleis skal du komme deg over sjøen då? Symje?

1. Eit historisk tilbakeblikk på korleis ein kjem seg til Island, før eg gir ei oppskrift på korleis ein er ein ekte nordmann på ekte dugnad

1.1. Ro ein knarr!

Attende til 800-talet. Vikingar ville til Storbritania. Dei kom skeivt på, og traff Island. Ein av desse kom ikkje tilbake. Han var kompisen til Floke, som gjekk heime i Rogaland og stura. Han var lei av gardsarbeidet sitt.
– Men så dra i viking då vel! Sa kona hans .
– Dra oppetter kysten og plyndre og drep litt, sa ho. Men Floke rista på hovudet. Han var lei av plyndring og drap også.
– Eg vil ut på skikkeleg ferd. Lang ferd, over havet, sa Floke.
– Men du har gard! Du kan ikkje bare dra din kos! Sa kona hans.
– Kos du liksom! Eg drar ikkje for kos eg drar for…, sa Floke.
– For å redde livet til ein venn! Sa Floke, og fekk ideen om å dra etter den sakna vikingen, han som dei trudde enda på Island.

Osebergskipet

Osebergskipet. (Foto: Flickr.com)

Vikingar brukte langskip då dei drog over store hav. Dømer på slike langskip står på vikingemuseet på Bygdøy. Osebergskipet er eit døme. Båtane heiter knarr, og tok vanlegvis 20-30 roarar. Med ei slik besetning, rodde dei opp til 12 mil på eit døgn. Frå Bergen til Reykjavik, til dømes, er det om lag 150 mil. Raske skip kan ha brukt rundt to veker på turen.

1.2. Ligg på lugar i tre døgn!

Dei som har lese Buzz Aldrin, Hvor ble det av deg i alt mylderet, kjenner Smyril Lines. Det er fergeselskapet som Mathias og bandet hans brukte då dei reiste til Torshavn. Etter Torshavn, fortsett Smyril Lines sin katamaran til Seydisfjördur.

Dei som har lese Buzz, veit at Mathias blir svært sjuk på turen. Sjøsjuk, fyllesjuk, mentalt sjuk. Ikkje så rart, når turen tar rundt tre døgn, med lite anna underhaldning enn einarma bandittar og taxfree-butikkar.

Den gongen gjekk turen frå Stavanger, via Torshamn, til Island. I dag må ein reise frå ein liten, obskur by i Danmark. Korleis kjem eg meg dit? Eg går til hamneområdet ved Aker Brygge, Oslo, men finn ikkje noe Smyril-info. Niks Smyril. Maks sjanse for smisk:

1.3. Spør norske sjømenn pent om du får sigle med dei!

NorCargo er dei einaste som eg ser at siglar til Island på relativt regelbunden basis. Dei held til midt i Oslo, men vil helst ha epost. Eg går heim og skriv epostar, som eg aldri får svar på.

Skriv eg noe feil?
Nei!
Eg tilbyr dei jo pengar!
“De båtar – eg betaler”, skriv eg, og bruker noen ord på å fortelje kor lita eg er, at eg ikkje treng mykje plass og at eg betaler godt for meg.
“Dessutan er eg drivande god til kaffitraktarar”, skriv eg, og skriv
“kaffikannene er aldri tomme når eg er i nærleiken, nei!”
Dette åtet må dei vel bite på?
Nei, eg høyrer ikkje så mykje som eit plopp. Ser ikkje ein ring på vatnet.

1.4. Bruk tida til hjelp!

Eg: Hei SAS! Om eg bestiller ein billett til Reykjavik i dag, og det blir askeproblem igjen når eg skal dra: Refunderer de billetten min då?
SAS-damen: Det gjer vi.
Eg: Men det står her at de bare refunderer billettar når det er uføresette problem. At det blir askeproblem igjen er vel ikkje akkurat uførutsett?
SAS-damen: Vi refunderer billetten din, ver du trygg.
Eg: Kuli! Ein stykk tur – returbillett Oslo-Reykjavik, takk!
SAS-damen: Sånn. God ferie.
Eg: Eg skal ikkje på ferie. Eg skal på arbeid. På dugnad hos naboen!

2. Ei oppskrift på korleis ein er ein ekte nordmann på ekte dugnad i eit naboland som ein vil vere vennleg mot

2.1. Ta på

Helly Hansen superundertøy
Mariusgenser
Hals (ein høg hals utan ullgenser. Les: Bare halsen, ikkje genseren)
Støvlar med ullsokkar i
Osv.

2.2. Pakk sekk

Pakk sykkelvesker
Pakk rikeleg med tørre sokkar
Pakk i plastposar, og knyt knutar på
Pakk plastposene, dei med knutar på, i større plastposar
Pakk to av alt,
ein brun og ein kvit ost,
og ein billett med båten og ein med flyet, for returen heim.

2.3.

Bu i telt
Bær sekk
Eller sykkel
Gløm aldri at du er ein nordmann, som sveitter og arbeider med den største glede, viss bare du får lov til å ete skiver med brunost etterpå

Eg er jo norsk. For faen. Eg er fødd med hammar i handa og blodsmak i munnen. Sia då har eg trent opp hammararmen min på diverse treningsstudio og svømmehallar langs heile den langstrakte kysten vår. Eg har skvett omkring meg med raud saft, og lært meg å pusse nasen utan lommetørkle. Endeleg skal eg få bruke denne konstruerte muskelstyrka mi til noe praktisk og handfast. Endeleg skal vandring, løfting, vasking vere virkeleg nyttig. Kjære, gode vulkan, Keflavik, Icelandair, la meg få komme over! La meg få hjelpe til! Eg har øvd meg eit halvt liv på å jobbe. No skal det bli bruk for dette. Den 2. juni reiser eg over. Om de vil, skal de då få episode sju i “Island”.

3. Avslutning og oppsummering

Eg sitt framleis i Oslo når eg skriv dette. Bygården min er liten. Vi er eit burettslag på ni leilegheiter. Det blir tydeleg om noen ikkje har det så bra, om dei forsømmer oppgåvene sine eller på anna vis ikkje klarar å ta vare på seg sjølv og huset som vi på eit vis deler. Om noen har det vanskeleg, så går det ut over alle. Det gagnar oss alle at vi hjelper kvarandre.

Heldigvis trengst det ikkje. Dei er ressurssterke folk. Ein av familiane har el-bil. Det er ganske vanleg i Oslo. Men det hjelper eigentleg så lite at vi i Oslo er flinke til å kjøre elektrisk. Folk flest, som bur i India og resten av Søraust-Asia, kjører oftare med dårlege, gamle bensinbilar. At noen land blir u-land, går ut over oss som er i-land.  Utsleppa våre, og utsleppa deira, blandar seg i atmosfæra. Aska frå Island blandar seg med alt dette. Island står i fare for å bli eit u-land. Dei kan miste råd til å tenkje og handle grønt og økologisk. Vi tener på å hjelpe dei.