Sjølv om dei fleste menneska på planeten strebar etter lykke, gjeld ikkje det riktig alle av oss. Enkelte menneske søker seg tvert om ei tilvere som er så elendig – og fylt av livets iboande faenskap – som muleg. Kor absurd det enn måtte lyde. Eg tar ikkje stilling til om desse individa gjer dette medvite eller umedvite. Men like fullt: Det finst overraskande mange av dei. Eg snakkar sjølvsagt om ”undergangsromantikarane” blant oss.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Men kva er eigentleg ein undergangsromantikar?
Eg har ikkje fasiten, men nokre typiske trekk kan ein lett kjenne igjen: Ein gjennomsnitts undergangsromantikar er svært interessert i litteratur. Men berre ein viss type forfattarar, gjerne sinte, mannlige forfattarar med bitre livserfaringar.
Undergangsromantikarane har td. lese minst fire romanar av Charles Bukowski. Dei har jobba på Posten, akkurat slik Bukowski gjorde. Dei har hata Posten, akkurat slik Bukowski gjorde. Dei har gjerne jobba seg nedover i gradane i Posten, berre for enda meir innbite å kunne lyse Posten og dens vesen og veren i bann. Etter at dei har fått sparken frå Posten, har dei drukke større mengder alkohol enn det som sunt er, dei har levd og lidd seg gjennom beat-poetane, heilt til dei oppdaga bøkene til Thomas Bernhard – der hovudpersonane hatar livet og omgjevnadene så intenst at dei spyttar på og skjeller ut alt frå den minste fluge til den mest
bejubla kunstnar. Og dermed har du det gåande.
Med andre ord: Noko sunt liv er undergangsromantikar-tilvera ikkje.
Når ein møter ein undergangsromantikar, har denne lett for å dreie samtalen inn på yndlingstema som: kor dårleg stilt det er med kunsten her til lands, kor korrupt det politiske systemet er, for ikkje å gløyme to desiderte favoritt-motiva innan undergangsromantikken: kor lite ein kan stole på kvinner eller kor dyre ølprisane er blitt.
I slike tilfelle gjeld det å ha nokre triks på lur. Og omvendt psykologi er ofte ein smart taktikk. Ein må møte det vonde med noko enda vondare. For min eigen del, har eg ei spesiell historie på lager for slike situasjonar. For når eg møter ein undergangsromantikar, bruker han gjerne å skjelle meg ut for kor dårlege bøker eg skriv. ”Bøkene dine er ein vits,” brølar han så folka på nabobordet på den brune puben spissar ører. ”Eg skjønar ikkje at du gidd! Det er berre ungar som les dei!” torar han vidare.
Det er ikkje da eg tørt skal kommentere at eg faktisk skriv bøker for barn og ungdom. Det er snarare da eg skal fortelje han om mitt absolutte lågmål i forfattar”karriera”. Møte det vonde med noko enda vondare. Og denne historia går slik:
I 2002 ga eg ut mi første bok, Keeperen til Tunisia. Den fekk nokre gode kritikkar, nokre på det jamne, og ein total slakt i Bergens Tidende. Men sistnemnte var utruleg nok ikkje botnen denne hausten. For den blei nådd litt seinare, da det nærma seg jul. For å gjere ei lang og opprivande historie kort: Eg blei oppringt av bokhandelen på heimstaden min.
– Vil du kome og signere boka di? spurde dei.
Dette var sjølvsagt søt musikk i ørene til den unge forfattar. Eg såg straks for meg køen av kjente på heimplassen min (eg kallar den berre tettstaden X). Dei ville kome tumlande fram frå alle kantar. Etter litt kokettering, svara eg sjølvsagt ja.
Neste klipp: Vel framme i butikksenteret i X, blir eg møtt av ein hyggeleg bekjent frå bokhandelen. Eg får beskjed om å setje meg ved eit bord ute i senteret, framfor bokhandelen, der dei har laina opp eit boktårn med sikkert 20 bøker. Dei sender meg ut med ein kaffikopp – og ønskjer meg lykke til. Eg set meg ned, ristar liksom litt på underarma for å mjuke den opp. Må for all del ikkje få skrivekrampe no. Eg trekker pusten. Speidar optimistisk ut i senterlandskapet. No er eg klar til dyst! Yessir!
15 minutt seinare har det framleis ikkje kome ei sjel. Eg og bokberget sit der jomfrueleg til spott og spe. Og innsikta begynner sakte å sige inn i skolten: Folk bryr seg katta om boka mi. Dei har ikkje hørt om henne eingong. Her har eg gått og blæst meg opp for ingenting. Sanninga er nådelaus: Ikkje ein kjeft bryr seg. Betre blir ikkje dette av følgjande opplysning frå den lokale bokhandeltilsette: Førre helg hadde bokhandelen selt nærmare 100 signerte bøker av Elisabeth Mæle (nei, ikkje i slekt), ei kokebok med lokale oppskrifter frå omlandet i X.
Men så: Akkurat idet det ser som mørkast ut, skjer det eit lite under. Eit kvarter ut i seansen anar eg at lykka er i ferd med å snu. For kven andre er ikkje på veg mot bordet mitt, enn ein av butikksenterets kjenningar: ei eldre dame i rullestol. Eg har rett nok aldri snakka med henne, men ho er ein kjent syn. Å, herregud, så letta eg er. Ho er på veg mot meg! Ho har sett meg! Ho ser! Ho skjønar! Her er endeleg ein som forstår seg på kultur og litteratur! Hå-hå!
Ho kjører rullestolen heilt fram til bordet mitt. Så kikkar ho mot boktårnet, deretter mot meg. Snusar liksom litt ut i lufta, tenker seg om. Eg ser framhaldet så levande for meg: Her kjem dagens første kjøp og signering!
Men dama sukkar berre surt:
– E’ e’ ikkje interessert.
Det er alt ho seier. Eg rekker ikkje eingong svelgje den bitre pillen, før ho gjer seg klar til å rygge med rullestolen. Men i staden for å kjøre bakover, trykker ho på feil spak – slik at rullestolen buldrar rett inn i bordet mitt med stor kraft. Alle dei 20 bøkene deisar i golvet der ute i butikksenteret. Dama snøftar eit eller anna, ho er tydeleg brydd, men ho kjører berre vidare. Som om ingenting er skjedd. Bort frå bordet mitt, ut av synsfeltet. Bøkene ligg strødde utover.
Kva toppen av audmjuking er? Jo, det skal eg sanneleg seie deg: Det er å plukke opp 20 av sine eigne bøker frå eit butikksentergolv på heimstaden sin – utan å ha selt eller signert ei fattig bok.
”Der har du historia mi,” fortel eg undergangsromantikaren på den brune puben. Han mønstrar meg, legg handa på skuldra mi og nikkar.
Han forstår. Undergangsromantikaren skjønar at lågare enn dette går det ikkje an å søkke. Han har ikkje noko å stille opp mot dette. Han held kjeft, drikk berre opp ølen sin, helsar farvel og går. Eg slepp å høre på fleire undergangshistorier. Eg er fornøgd. Eg sit på stolen min. Skodar etter han. Kjenner meg nesten litt skuffa på eit vis. Litt tomt her, plutseleg. Eg tar ein slurk øl for å styrke meg, vender meg så mot folka ved nabobordet, spør:
”Har de lese noko av Bukowski?”