Ein høyrer ofte pasifistar som seier at dei ikkje liker fotball, fordi fotball liknar for mykje på krig. Derfor bør vi slutte å dyrke fotball, seier dei, for å dyrke fotball er eigentleg det same som å dyrke krigen.

Ola A. Hegdal
Publisert
Oppdatert 26.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No finst det utan tvil likskapar mellom fotball og krig. Spelarane på kvart lag er uniformerte og er drilla i taktikk og fulle av kampvilje. Akkurat som i krig er poenget å slå til mot motstandarens base, målet, utan å strekke forsyningslinjene så langt at ein legg seg open for åtak mot eige mål.

På sidelinja sit resten av innbyggarane i begge landa og jublar og fortviler, alt etter som krigslukka vekslar. Midt i det heile spring ein stakkars utskjelt dommar som, nett som FN, prøvar å handheve internasjonale reglar for å bremse det verste blodbadet.

Men i staden for å seie at dette er sørgjeleg, går det an å seie at det er dette som er bra med at folk spelar fotball. Trass i alt er alternativet mykje verre.

Pasifistar er greie og snille folk, det er berre enkelte ting dei ikkje har fått med seg. Dei går automatisk ut i frå at krig berre er forferdeleg og gruoppvekkande. Med dersom det er berre fælt å krige, korfor har folk kriga så og seie permanent opp igjennom alle tider da?

Det er berre å gå til litteraturen. Kor mange pasifistiske dikt finst det frå gamle dagar? Ingen som eg veit om. Til gjengjeld finst det tallause epos om sterke menn som utkjempa heroiske krigar og mosa fiendane sine til plukkfisk.

Problemet med krigen er at vi likar den alt for godt. Menn spesielt. Å vere ein av gjengen, på farefullt oppdrag, for å slå ned dei vonde folka i nabostamma, med utsikt til ærerike arr og krigsbytte – det finst ikkje noko likare enn det! Som Djengis Khan temmeleg bardust uttrykte det:

”Den største gleda ein mann kan ha er å utslette fiendane sine og jage dei vekk, å rane rikdomane deira og sjå skyldfolka deira oppløyst i tårar, å ri på hestane deira og famne kvinnene deira.”

Slik heldt folk det gåande i tusenvis av år. I kvar krig med nabostamma blei nokre få drepne, medan resten kunne gå heim med fleire arr og høgare ære. Om kveldane sette dei gamle krigarane seg rundt leirbålet og viste fram arra sine, og fortalde store historier om heltegjerningane sine, historier som blei større og større for kvart år som gjekk. Ved sidan av dei sat dei storøygde gutungane, som etterpå la seg og drøymde om den dagen dei skal ut i krigen.

Men historia gjekk framover og vi blei meir effektive. Dei ein gong nesten rituelle krigane utarta til blodbad av ei anna verd. Heilt til vi ein dag krabba ut av ruinane etter 2. verdskrigen, såg på den utbrende jorda og haugane av lik og sa til kvarandre: No er det rett og slett ikkje morosamt lenger. Den moderne våpenteknologien tek jo heile moroa ut av krigen.

Men i all pasifismen og antikrigstenkinga har vi kanskje glømt kva som er det eigentlege problemet, nemleg at vi inst inne likar å krige. For dersom alle hadde mislikt krig så intenst, korfor fyller vi kvar ledig time på dagen med fotballkampar, valdsspel og actionfilmar? Dette er det viktig at pasifistane får med seg, for dersom menneskenaturen berre hadde avskydd krigen hadde aldri kriging vori eit problem.

Fotball er derfor ein god ting. Å spele fotball er å flytte eit naturleg instinkt for å krige opp på eit meir stilisert, raffinert nivå. Omtrent som eting har blitt omdanna til eit måltid ved hjelp av bordskikk, og sex har blitt gjort om til ekteskap. På fotballbanen får vi får blåst ut damp og kvitta oss med aggresjon, vi får dyrka trongen til kameratskap og lengselen etter individuelle helteprestasjonar. Og skadane er mykje meir moderate enn i eit regulært slag. Det er dette ein kallar ein vinn-vinn-situasjon, til og med for taparlaget.

Dersom du framleis tykkjer fotball er for primitivt, kan du i staden spele noko meir høgverdig, til dømes eit parti sjakk. Så får du prøve å gløyme at dette og er ein stilisert krig, der du skal nytte absolutt alle middel for å drepe kongen for den andre hæren, utan at dei klarar å drepe kongen din. For å oppnå det har det absolutt ingenting å seie kor mange fotsoldatar eller offiserar du ofrar.

Måtte det beste laget vinne!