- Eg kjem til å kummulere unge når eg skal røyste neste haust, for det finst altfor mange antikvitetar som meg i politikken i dag, slår Venstre-politikar og klovn Per Inge Torkelsen fast under ei Mot til å meina-samling på Strand videregående skole.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Torkelsen nærmar seg 60 år, og han har vore politisk aktiv sidan slutten av 60-talet. Den første gongen han verkeleg viste sitt politiske engasjement for offentlegheita, var det innføring av fargefjernsyn han demonstrerte mot.
– Eg er vel ikkje akkurat stolt av det nå, men eg hadde i alle fall tenkt sjølv. Eg ville prøve å gjere ein forskjell, seier 57-åringen.
– Det er viktig å bruke hovudet og engasjere seg, legg han til.
– Du tenker kanskje at det er nokre andre som kan kjempe for sakene du bryr deg om, men kva om alle tenkte slik, spør ho dei rundt 50 andre- og tredjeklassingane ved studiespesialisering på Tau.
Sjølv er ikkje Kvamme aktiv i eit politisk parti, men har tru på at du kan vere politisk engasjert utan å vere med i eit parti. Ho meiner det burde vore lovfesta at alle kommunar skal ha eit ungdomsråd.
Hjelmeland kommune har eit ungdomsråd, men det er få ungdommar som står på listene til dei lokale politiske partia.
– Eg er 53 år og den yngste ordførarkandidaten i Hjelmeland ved neste val. Slik kan det ikkje vere, slår ordførar Bjørn Laugaland fast.
Han oppmodar innstendig dei unge om å engasjere seg i lokalpolitikken:
– Vi treng hjelp. Engasjer dykk uavhengig av kva dykk måtte meine.
Fakta
Mot til å meina er eit toårig pilotprosjekt som har som mål å auka den politiske interessa og deltakinga blant unge menneske under 26 år i tre utvalde kommunar: Sauda, Hjelmeland og Time. Sentralt i arbeidet står Sauda, Strand og Time vidaregåande skular, og det er sett ned ei arbeidsgruppe med elevar frå desse skulane.